I år startar alvoret for Svenni

65 METER: Eg har eit mål om å kaste 65 meter i vindstille, seier den norske diskoskjempen Sven Martin Skagestad.

65 METER: Eg har eit mål om å kaste 65 meter i vindstille, seier den norske diskoskjempen Sven Martin Skagestad.

Artikkelen er over 1 år gammel

DISKOS: Sven Martin Skagestad (23) er spent. Det er første sesong der han ikkje kan konkurrere blant juniorane og han sesongopnar i Florø 2. juni.

DEL


– Treninga i vinter har gått bra, men det er noko anna med konkurranse. Eg er veldig spent på kor eg står, seier han.

Han har eit mål om å kaste 65 meter i vindstille. for påersen han sette i Wiesbaden på 65.20 var i vind. Den beste vinden for dei som kastar diskos er vind framme frå høgre. Det betyr nordvestleg vindretning i Florø. Den vinden som gjorde til at Mette Bergmann sette norsk rekord i Florø på 69.68 i 1995.

Så med nordvestleg bris inn over stadion 2. juni så ligg alt til rette for personleg bestenotering.


Trening


23-åringen er 2.01 på strømpelesten og veg 125 kilo. To økter om dagen trenar han for å kaste den to kilo tunge diskosen lengst mogeleg.

Han er den suverene kastkjempen i Norge og har i tillegg til eit suverent NM gull i diskos også tatt kulegullet dei to siste åra. Fysikken er peika på som det fremste føretrinnet til Norna Salhus-utøvaren, men med svart belte i karate er han også smidig for storleiken. Dette peikar Skagetstad er ein av dei viktige eigenskapane til ein kastar. Du kan ikkje bli for tor og tung. Då blir du for treig. Du kan ikkje vere for liten og lett då mister du krafta. Så i ei så teknisk øving som diskos må du vere smidig for å få opp farten i ringen, du må vere hurtig for å få kjappe reaksjonar og høg haustigheit på kastarmen, så kjem fysikken inn; Du må vere sterk for å kaste noko på to kilo opp under 70 meter.

Sven Martin Skagestad er berre 23 år, og er med satsinga si kanskje ikkje på topp før om 15 år. – Treninga har gått veldig bra. Det lovar godt.

Eit EM er i praksis eit VM, men eg vil til finalen likefullt.

Sven Martin Skagestad, diskoskastar

– Er det utfordrande å trene to gonger for dagen når det er om 10-15 år du veit du er på ditt beste?

– Ja, det kan jo vere utfordrande til tider. Eg har difor alltid sett meg delmål. Men dette blir første sesongen utan juniormeisterskap. No når eg er for gammal, men er hedigvis god nok til å konkurrere blant seniorane.

I OL var han berre ei diskoslengde frå å nå finalen. No kjenner hans eg betre

– Det er ein overordna struktur med klare mål eg jobbar mot. Men det er klart eg vil gjere små endringar heile tida. Den fysiske treninga som gjer til at det tekniske ikkje fungerer like bra, så er det å justere. Dei overordna måla er dei same.

– Du var berre 20 centimeter frå finaleplass i OL-sesongen, var du skuffa?

– Nei, men 20 centimeter er jo berre ei diskos-lengde. Men det tek eg berremed meg.

Skagestad fortel det er EM som er det store målet i år. EM, er i praksis eit VM då dei beste kastarane i verda er alle europearar.


Vil i finalen


– Målet mitt er finale. Skal eg klare det trur eg at eg må kaste 63 til 64 meter.

– Har du kapasitet til det trur du?

– Ja det har eg. Eg har eit mål i år om å kaste 65 meter i vindstille, fortel 23 åringen som vedgår det var i vind han sette persen sin i Wiesbaden i Halle i 2016. Å komme seg inn blant topp fem trur han blir tøft, men bak der meiner ahn det er gode mogelegheiter i EM.

– Tradisjonelt sett har kastøvingane kule, diskos og slegge vore øvingar der det har vore utstrakt bruk av dopingmidlar. Trur du det finnast dop enno i idretten din?

– Eg likar å tru at eg ikkje har konkurrentar som dopar seg. Om det så hadde våre, hadde slike spekulasjonar berre kunne blitt unnskylningar om ein ikkje presterer eter forventningane. Eg meiner bestemt at dei lengdene verdeliten presterer er lengder eg kan oppnå på sikt, så å spekulere at andre dopar seg brukar eg ikkje krefter på, strekar Skagestad under.

Han vedgår sesongopninga i Florø blir ein peikepinn på kor han står den første seniorsesongen.

Sterk konkurranse

Norsk rekord: 69,62 Knut Hjeltnes, IL Gular, 1982
Banerekord: 66,98 Knut Hjeltnes, IL Gular, 1985
EM-krav: 63,50 VM U20-krav: 57,00
Samuel Mattis

1994

USA

67,45

NCAA champion 2015
Mauricio Ortega

1994

COL

65,84


Sven Martin Skagestad

1995

NOR

65,20

EC U23 champion 2017 / WCH ju bronze 2014
Janus Huszak

1992

HUN

64,89


David Wrobel

1991

GER

64,66


Ola Stunes Isene

1995

NOR

63,30


Tomáš Voňavka

1990

CZE

63,18


Torben Brandt

1995

GER

62,09



Betre felt på diskossida har ikkje Florø Fridrettsfestival hatt sidan den multiple verdsmeisteren Lars Riedel var i Florø over ein femårsperiode.

- Dette er ein konkurranse bygd for Sven Martin Skagestad, sjølvsagt, men med den sterke sesonginnleiinga til Ola Stunes Isene, gjorde at han også fekk plass i feltet. No ber vi til høgare makter om perfekt vind inn frå høgre, seier elitekoordinator Ståle Jan Frøynes.


Artikkeltags