I lunsjtidene på måndag blei eit titals sjåførar stoppa i ein litt annleis trafikkontroll. Russen var nemleg ute på tokt, men hårfønar som lasarmålar. 

– Vi i russegjengen "Totally Nuts", gjennomfører i dag russeknute nummer 34 "Ha trafikkontroll med refleks og hårfønar", forklarar Linn Solheim (20).

Sikkerheit først

Det var nok fleire sjåførar som fekk seg ein støkk der dei glitrande refleksvestane stakk opp frå vegkanten. Dei fire russejentene haldt kontroll i krysset på Evja, inn til Westcon, i om lag 20 minuttar.

– Dei fleste vi stoppa blei berre positivt overraska og spurde kva vi gjorde på. Vi sjekka bruk av setebelte og om folk hadde festa lasten sin skikkeleg! Rett og slett ei oppmoding om trafikksikkerheit. Deretter ønska vi dei ein fin dag vidare! fortel Solheim og kan informere om at det ikkje blei kverrsett eit einaste førarkort.

Knute på tråden

Torsdag blei årets russetid sparka i gong med den tradisjonelle russefesten i Stavang. No har russen tre veker på seg å gjennomføre flest mogleg knutar.

– Dette var utan tvil ein av dei pinlegaste russeknutane, men no er den gjort! Målet vårt er å få sølvdusken i russelua, så då må vi gjennomføre totalt 50 knutar! avsluttar Solheim.