Nattestenging av tunnel i Haukå

I januar må du passe på kor tid det er nattestenging grunna tunnelarbeid om du skal køyre til og frå Svelgen.

DEL

Fv 614 Haukåtunnelen, på strekninga Grov-Stårheim har planlagde stengingar frå 9. januar til 31. januar i samband med sikring av mur.

Gjeld frå: 9. januar 2020 kl. 00.30 og til 31. januar 2020 kl. 00.15

Det blir stengt på grunn av vegarbeid i periodane tysdag frå 21.30 til 22.45 og frå 23.00 til 00.15 (neste dag).

Onsdag og torsdag frå 00.30 til 05.15, frå 21.30 til 22.45 og frå 23.00 til 00.15 (neste dag).

Fredag frå 00.15. til 05.15.

Utrykningskøyretøy får passere.

Artikkeltags