Rognsø: – Poeng i dag er rein bonus

Artikkelen er over 1 år gammel

Viking har fire tap på rad, og Florø har to sigrar. Kan Florø tukte Viking i Stavanger?

DEL

Live-rapport frå StavangerI dag møter Florø Fotball Viking på Viking stadion i Stavanger. Ein historisk dag for vesle Florø. I dag speler dei på ei av dei største fotballscenene i Norge i ein offisiell seriekamp. Då serieoppsettet var klart i vinter stod fram denne kampen kanskje som den aller tøffaste av dei 30 kampane dei skulle spele denne sesongen.

Topplag

Storlaget Viking fall ned ifrå eliteserien i fjor og er såleis naturleg opprykkskandidat i år. Denne kampen skulle med rett spelast i runde 11 den 3. juni, men på grunn av at Viking har fleire landslagsspelarar i troppen, vart kampen utsett til i dag.

I mellomtida har det vore si spesiell utvikling mellom dei to laga. Viking har fire tap på rad, noko som er uhørt ein slik storklubb. Medan Florø har kjent kniven på strupen og har svara med to svært viktige heimesigrar. Først 2–1 mot Strømmen og sterk 3–2 siger mot Jerv på søndag, som gjorde at dei gjekk forbi laget frå Jessheim i botnen.   

Søndag var stopparen og den beste spelaren til Florø, Runar Hove, tilbake etter at han måtte ut med skade i den første serierunden borte mot Mjøndalen. Laget stod fram langt tryggare med Hove på plass, noko alle spelarane vi har snakka med kunne stadfeste. No er også Christer Husa tilbake i laget etter at han sona for gule kort mot Jerv på søndag.  

David og Goliat

Kampen er eit oppgjer mellom topp og botn. Viking treng å vinne skal dei ha kontakt med Aalesund, Mjøndalen og Sogndal i toppen. Men viktigare for Bjarne Berntsens mannskap er å snu tapsrekka. For no murrar det blant siddisane som har langt større forventningar til Viking enn at dei kan la fire kampar utan poeng passere utan kritisk blikk.

Er Viking ei såra løve eller ein vaklande kjempe i møte med Florø? 5-0 borte mot nyopprykka Nest-Sotra sist er nok ein kamp dei vil slette frå minnet fortast mogeleg, og det første høvet er heime mot Florø i dag. Møter raude Florø eit lag som kjempar for livet, eller eit lag som speler med usikkerheit? Vil respekten Florø har for storlaget Viking på Viking stadion vere avgjerande, eller jagar dei her ein skalp som verkeleg kan gi Florø tru på ei sigersrekke lik den dei leverte i fjor? Sanninga er at laget dei slo i Florø sist har like mange poeng som Viking.   

– Vi har alt å vinne, poeng i Stavanger er rein bonus, seier florøtrenar Terje Rognsø som ikkje hadde budsjettert med poeng ifrå Stavanger før seriestart.   

Artikkeltags