Slik gjekk det med drilljentene

Artikkelen er over 3 år gammel

Tok fjerdeplass i drill-EM.

DEL

Torsdag landa delegasjonen til Florø Drill på engelsk jord. Titals timer er lagt ned i øving for å spikre EM-nummeret. Men det var i går det gjaldt då jentene for tok steget ut på parketten i EM majorettes Crawley 2016.

Etter ein lang søndag med venting på resultata fekk florøjentene først beskjed i 23-tida, norsk tid.

- Fjerde plass! Med berre eit poeng bak 3. plassen, seier trenat Anja Knudsen i ei melding til Firdaposten seint søndag kveld.

Sjå framsyninga til drilljentene øvst i saka.

Florø Drill møtte beintøff konkurranse frå England, Kroatia, Frankrike, Tsjekkia og Bulgaria.

- Ein av dommarane ønska oss opp på tredjeplass, men det holdt akkurat ikkje. No når vi har rista av oss skuffelsen er vi kjempefornøgde med resultatet og skal absolutt jobbe vidare, seier Knudsen, og understrekar at ho er "stolt og kry" av jentenes innsats.

Har trent eit heilt år

Totalt reiste nesten 300 norske drilljenter, venner og familie til Crawley i England. Berre gjengen frå Florø var over 60 stykk.

Les også: Drilljentene på plass i EM i drill

EM-nummeret har jentene øvd på eit heilt år.

– Nummeret må sitte heilt perfekt og det er ikkje rom for feil. Men under dei siste øvingane og generalprøvene har ting vore perfekt. No håper eg berre jentene beheld roa slik at alt går som det skal, sa Anja Knudsen, til Firdaposten før konkurransen på laurdag.

Artikkeltags