No er sommarbåten her

NRKs sommerbåt, MS Sjøkurs

NRKs sommerbåt, MS Sjøkurs Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Kjippen-utkledning, gratis båtskyss og strikkegrafitti – her er nokre av planane som skal gje TV-sjåarane eit fargerikt møte med Florø. Og alle kan bidra.

DEL

NRK sin sommarbåt gjekk frå Ulsteinvik i dag tidleg, og la til kai ved Fugleskjærskaia rundt klokka to.

I løpet av dagen vil NRK gjere oppdak i sentrum, og då gjeld det at flest mogeleg er med og skaper liv og røre.

I Ulsteinvik møtte fleire tusen opp på kaia under sendinga av «Sommeråpent» trass heftig regnvregnvêr. Vil vi klare å vise like stort engasjement for vår by? Her er nokre av planane for dagen.

Inviterer med i båten
Florø Skyssbåt AS inviterer til gratis båttur med «M/S Øyservice» og kaptein Stian Rysjedal for å møte sommarbåten. Alle som vil kan vere med, så lenge det er plass ombord. Båten går frå Florø klokka 13.15.

Andre som har engasjert seg for å skape liv i hamnebassenget og ved innseglinga, er Flora Røde Kors Hjelpekorps. Dei har oppretta ei side på Facebook der ein kan samordne planar for dagen. Mellom anna oppmodar dei folk til å gje ein lyd viss ein har plass til fleire i båten. Sida finn du her.

Ansiktsmåling, grafitti og Kjippen-stemning
Monicha Landøy frå FloraFauna går allereie tysdag føremiddag rundt i byen og tilbyr born ansiktsmåling, og vil vere på plass på kaia frå rundt klokka eitt. Landøy minner om at det er best om flest mogeleg av barna med ansiktsmåling møter opp att på kaia under direktesendinga av «Sommeråpent» i kveld. I tillegg til under innseglinga og timane etter, har det mykje å seie for TV-bilda at det er liv og røre på kaia under direktesendinga.

– Sommeråpent-konseptet til NRK er perfekt for florøværingane, for dei ønskjer ikkje for mykje planlegging. Uformelt, fargerikt, impulsivt, der har du oss! er kommentaren til dagen frå Per Øyvind Helle.

Han og Barbro Furset i Byen vår Florø jobbar på for å engasjere flest mogeleg til å skape liv i dag. Mellom anna oppmodar dei til å ta med Kjippen-stemninga til kaia eller ombord i båten i dag. I natt jobba Furset på for å «tagge» Fugleskjærskaia med strikkegrafitti.

– Kom som den du er
Våt Moro vil bidra til å skape liv i hamnebassenget. Mellom anna vil fleire møte båten på Stand Up Paddle-brett (SUP). Frank Robert Klakegg stiller med flyboard, og Jon Ivar Langøy og Kystrafting pyntar RIB-båten sin og møter sommarbåten på Frøysjøen. Amcar Florø stiller på kaia, og truleg også Florø Motorsport.

Men ein må ikkje vise fram ein hobby for å bidra.

– Dei ønsker først og fremst at vi møter opp og er oss sjølve, oppmodar Helle. 

Ein kan også stå på skjer, flytebrygger eller altanen sin og vinke til båten når den kjem.

LAGAR TV I FLORØ: Ida Nysæther Rasch og Atle Bjurstrøm skal leie direktesendinga frå Fugleskjærskaia tysdag kveld.

LAGAR TV I FLORØ: Ida Nysæther Rasch og Atle Bjurstrøm skal leie direktesendinga frå Fugleskjærskaia tysdag kveld. Foto:

Lagar TV-sending ut frå kva dei møter
Når båten har lagt til kai vil videoreportar Vidar Josdal gå rundt i byen og gjere opptak. Ut frå dette blir det laga ein reportasje til kvelden. Rundt ein femtedel av sendinga held NRK ope til det dei møter i løpet av dagen i byen, ifølgje prosjektleiar Thomas Hellum.

– Vi kjem til kai med opne auge og øyre, for vi vil kjenne litt på kva som er rett å gjere når vi kjem dit, seier Hellum.

LES OGSÅ: – No har vi sjansen, kom hit!

Musikk om livet som fiskarkone
NRK sine sommarbåt-sendingar har oppnådd svært gode sjåartal så langt i sommar. Under direktesendinga tysdag kveld er programleiarane Dagsrevy-anker Atle Bjurstrøm og Ida Nysæther Rasch, kjend frå NRK Sport. Dei skal intervjue mellom anna Bård Vegar Solhjell og Pål Anders Ullevålseter.

Musikkinnslaget skal folkrockbandet Glittertind stå for. Bestemor til eit av bandmedlemma kjem nemleg frå Skorpa, og ei av låtane deira handlar om hennar liv som fiskarkone.

Her er planen for dagen:
Cirka kl 12.30-14: Innsegling til Florø
Frå kl 14 og utover: NRK gjer opptak frå kaia og rundt om i byen:
19:30 - 19:55 : NRK viser opptak frå turen til Florø i «På veg til Florø»
21:00 - 21:30: NRK2 viser programmet «Sommerdag i Florø».
21:30 - 22:15: Direktesending av «Sommeråpent» frå Fugleskjærskaia

Rundt klokka 12.15 segla båten forbi Hornelen i Bremanger. Følg båten og sjå seglingsplanen her.

Vi vil gjerne vite kva planar de har for dagen! Kommenter gjerne saka, og hugs som alltid å bruke emneknaggen #firdaposten på Instagram!

Artikkeltags