Erlend Hove til sjukehus med skade

Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Florø henta heim tre poeng fra Sola, trass to av nøkkelspelarane er ute med skade.

DEL

Det er ikkje tvil om at det er fotballfeber i Florø. Aldri har vi vore nærmare opprykk til Obos-ligaen og i ettermiddag tok Florø nok eit steg nærmare opprykket med 0–2 siger over Sola. Florø er no heile seks poeng framfor Nest-Sotra, men har spelt ein kamp meir.

– Det var en vanskelig kamp under ekstreme forhald. Vinden var så sterk at vi ikkje fekk til å spele den fotballen vi ønska. Ballen var meir ute i åkrane enn på bana. Då er det vanskelig å få til det vi vil. 

Det seier ein noko stressa florøtrenar, Terje Rognsø, på telefon til Firdaposten etter kampslutt. Etter kampen gjekk nemleg turen rett til sjukehus med kanskje sesongens beste spelar: Erlend Hove.

– Vi sit å ventar på sjukehuset no. Vi er usikker på om det er brudd i skuldra eller ikkje. Akkurat no veit vi ingenting, seier Rognsø.

Det var i det 29. minutt at Erlend Hove hamnar i ein stygg situasjon som fører til at skuldra fekk seg ein kraftig trøkk. Hove blir då bytta ut med Simen Brekkhus.

– Det er ikkje tvil om at Erlend har vore ein viktig spelar for oss gjennom heile sesongen og han gjorde ein god innsats på bana i dag og. Kva det har å seie for sesongens fire siste kampar er enno for tidleg å seie noko om.

Kjempa inn to mål

Og det var ikkje berre Hove Florø måtte klare seg utan denne kampen. Toppscorar Endre Kupen satt på benken frå start etter å ha slete med skade.

– På grunn av Kupen sin skade hadde vi håpt å sleppe og bruke han. Det gjekk heldigvis greit, seier Rognsø, som trass alt syns laget gjorde ein soldig jobb under dagens omstendigheiter.

Den første scoringa, i Florø sin femte siste kamp denne sesongen, kom i det 37. minutt. Stefan Aase snappar opp ei pasning som var meint til Sola-keeper Lars Øvernes, runder sisteskansen og set ballen i ope mål.

Knappe elleve minutt seinare set Florø sitt andre mål. Christer Husa scorer kampens andre, og siste mål, frå bakerste stolpe etter corner frå Simen Brekkhus. Brekkhus blei bytta inn då Erlend Hove gjekk ut med skade tidlegare i kampen.

Kampreferat her.

Før kamp

Sola, som førre kamp tapte 0-5 mot Nest Sotra og ligg nest nedest på tabeller er eit lag Florø skal slå greit. I alle fall på papiret.

– Men det er ofte dei laga som er svakast på papiret, som er dei farlegaste, seier florøtrenar Terje Rognsø til Firdaposten timar før kampen.

– Det er derfor viktig at vi er førebudd og tar viktigheita av kvar einaste kamp på høgaste alvor. Vi har lagt ein plan og så får vi sjå om vi klarer å halde oss til den.

Kupen startar på benken

Toppscorar, Endre Kupen, med sine 23 mål hittil i sesongen slit med ein mindre skade og startar i dag på benken. Dermed startar Rashad Muhammed. Rognsø testa Kupen under oppvarminga, men fann ut at dei ikkje ønska å ta nokre sjansar.

Kan det avgjerast på måndag?

Om Florø hentar heim tre poeng frå Rogaland i dag, kan tabellen avgjerast på måndag dersom Nest Sotra taper mot Vålrenga 2. Men det ønsker ikkje Rognsø å spekulere i.

– Nei, i utgangspunktet er ikkje noko avgjort. Det er framleis 15 poeng å spele om og mykje kan skje. Vi slepp oss derfor ikkje nedpå og held fokus på kvar einaste kommande kamp.

Les også: - At kvalitet på fotballbana kan tvinge fram arbeidsplassar i Florø, er pussig å ta stilling til

Planlegg ikkje etter tabellen

Og det er god grunn til optimisme i Florø. Førre laurdag køyrde florølaget over Fana 4-0, laget som i førre runde slo Nest Sotra. Florø har nemleg berre eitt tap denne sesongen og med uavgjort eller siger dei 13/14 siste spelte kampane har laget god sjølvtillit.

– Vi baserer ikkje fotballen vår på kvar vi ligg på tabellen. I dag har vi lagt planar etter det vi meiner motstandarane våre er gode og dårlege på. Når det kjem til stallen har vi litt skade, men skal få testa dei under oppvarming før eg vil kommentere noko meir om endeleg lagoppstilling, avsluttar Rognsø.

Tabellen

Artikkeltags