Det var ei bombe for fem år sidan, då Florø som låg i 3. divisjon slo Tippeligalaget Sogndal 3–0 på Florø stadion. Då var den unge florøgjengen fullstendig undervurdert av Sogndal. Denne gongen skulle ikkje Eirik Bakke og Co audmjukast. Dei kom til Florø tysdagen for å ha maks opplading til tredje runde i cupen. Dei skulle vidare, men no viste dei at det ville bli tøffare.
Florø hang litt i taua i periodar av første omgangen, men Nicklas Frenderup var definitivt tilbake på vinnarsporet. To klasseredningar gjorde at det stod 0–0 til pause. Frenderup som har redda mange poeng for Florø i serien sålangt, fekk ein nedtur etter Kongsvinger-kampen søndag.
- Eg hadde ein god kamp, men ei irriterande tabbe. Då er det ekstra godt å vise kva eg er god for på heimebane, kom det frå dansken som var spelaren Eirik Bakke peikte på som grunnen til at dei no er ute.
Endre Kupen fekk 45 minutt. Dei brukte han til å drilla litt rundt på eliteseriestopparane og viste tribunen at no er det scoringar i vente.
– Hadde eg vore i form ville eg scora, kom det kjekt frå Kupen som fekk vise at han har det vesle ekstra Florø kanskje har mangla til no. Han gjekk ut i pausen til liks med Erlend Hove. Han fekk eit stygg smell i hovudet og kunne ikkje halde fram kampen.
- Eg kunne ikkje halde fram, synet var tåkete, fortel Hove som truleg er ute søndag.
Inn kom Truls Hovland og Kim Vik. Sistnemnde måtte berast av bana med det Kim Are Jacobsen i det medisinske teamet til Florø Fotball meinte var ein vriding som kunne bety meniskskade.
Eg sa under oppvarminga at eg er mannen du skal ha på bana i slike kampar. Dei flira då. Ikkje no.
Christer Husa
Men dei som trudde at Florø låg med brekt rygg med Hove og Kupen ute, kjenner ikkje Florø anno 2017. Heller ikkje når Sogndal på ein corner får det første målet.
- Sånn er vi, vi går berre på
– Sånn er denne gruppa. Vi står berre på og visste vi ville kunne score på Sogndal, seier kaptein Vegar Gjermundstad tydeleg stolt over gutta i garderoben. For som om det skulle vere bestilt, så jagar Rashad Mohammed som alltid på topp, rister av seg sisteforsvararen til Sogndal og legg ballen elegant i lengste og utliknar for Florø. Det fjerde cupmålet for det franske lynet.
– Det var herleg å score, no vart vi motiverte og fekk trua på siger. No vil det komme fleire mål det lover eg, seier Rashad som verkeleg har fått sving på engelsken sin. Han meiner Florø ligg kunstig lågt på tabellen ut ifrå kvaliteten i gruppa, og er tydeleg på at no skal det klatrast.
Blir sjokka
Utlikninga verka å rykke i Sogndalsramma, for no var det Florø som køyrde kampen. Dei vann duellane, og bak stod Vegar Gjermundstad og Runar Hove som kjempar frå eventyra og nærast bad om meir arbeid.
Og litt symptomatisk er det at halvskadde Simen Reksten Solheim, som etter planen skulle kvilast til Sandnes Ulf kampen, kjem inn og snur det. Han krev tek eigarskap til midtbana når han må inn grunna nok ein skade i troppen.
– Eg har store smerter, men det er ikkje noko gale trur eg, det er berre vondt, så eg blir nok kvila i dag, sa Reksten Solheim i pausen. Slik skulle det ikkje bli. Som florøgutt kan han cupkampar mot Sogndal og skreiv seg inn i den historiske kampen der Florø for første gang avanserte til fjerde runde. Han plukka opp ein andreball etter at Rashad Mohammed forstyrrar ei klarering og serverer Monir Benmoussa.
– Når eg får den perfekte ballen frå Simen har eg kontroll. Eg bryr meg ikkje om det er tippeligaspelarar som står føre meg, dei får ikkje noko større respekt av meg av den grunn, fortalde Benmoussa etterpå. For no skulle det bli fest.
Han held ballen iskaldt og ventar på keeper slik at han kan chippe over og sender slik Florø i føringa. No eksploderer Florø stadion.
Overraska over trøkket
– På 2–1 så opplever eg at alt eksploderer. Eg er veldig overraska av det trøkket, seier Truls Hovland som kom inn til pause.
– Det er utruleg inspirerande når vi har slikt trøkk frå tribunen, du spring rett og slett dei ekstra metrane då. Utruleg kjekt med slik støtte, svarar han. Hovland som eigentleg skal vere under opptrening, er blitt kasta inn i laget på grunn av den lange skadelista. Han gjorde sin beste kamp mot gamleklubben.
Det er kjekt å slå ut Sogndal for all del, men to nye skader før Sandnes Ulf på søndag er eit skår i gleden
Terje Rognsø
For dette var Florø sin dag. Dei slo ut Sogndal nok ein gong. Stefan Aase var med på bomba sist. Då tok det heilt av. Men denne gongen smakte sigeren endå betre, syntest midtbaneeleganten.
– Sist undervurderte dei oss og fekk sjokk då vi kontra dei i senk. Slik var det ikkje denne gongen. No kom dei med toppa lag og visste kva som møtte dei. Dei hadde klart mål om avansement. Men slik vart det ikkje, seier Stefan Aase og smiler. Litt ekstra denne gongen.
– Jo det er klart, når dei seier at dei ikkje kan ha med spelarar frå fylket då vi ikkje er gode nok. Men no har vi no slått dei ut av cupen ... igjen.
Møter Kristiansund borte
No ventar bortekamp mot Kristiansund i 4. runde. Kampen skal spelast 9. eller 10. august.