Fylkeslaget møter Sogndal søndag

LOKALE SPELARAR: Sist kamp stilte Florø med ni av elleve spelarar i frå Sogn og Fjordane og fem frå Florø. Sogndal hadde ingen spelarar frå fylket i førre kamp.

LOKALE SPELARAR: Sist kamp stilte Florø med ni av elleve spelarar i frå Sogn og Fjordane og fem frå Florø. Sogndal hadde ingen spelarar frå fylket i førre kamp.

Av

Både Florø og Sogndal tapte førre runde. Florø hadde ni av elleve frå Sogn og Fjordane i startoppstillingen - Sogndal hadde null.

DEL

KommentarFlorø ligg på direkte nedrykk i det laget møter Sogndal på Fosshaugane Campus klokka 15.00 søndag.

Laget frå Kystbyen ligg under streken «takka vere» nettopp Sogndal. Tapet deira borte mot Strømmen tysdag, sende Strømmen forbi Florø på tabellen. No er det ti kampar igjen av sesongen og Florø er i desperat poengnaud. Sogndal på si side slit med å henge med i toppen. Både Mjøndalen og Viking vann i den 19. runden og no fall Sogndal ned på 4.-plass.

Forsterkingar

Med Patrik Johannesen tilbake frå skade, Runar Hove i trening og snart aktuell, og Jeggo snart tilbake er det ikkje lenger krisestemning i vest.

Florø Fotball har dessutan handla inn spelarar i sommar som skal vere med å berge dei svarte og blå denne tøffe og viktige andresesongen.

Kantspelaren Otar Javashvili, Georgiaren som kom frå klubben Gomel i Kviterussland, har levert ifrå start. Solid kantspelar som er direkte i spelestilen. Vegard Savland som kom ifrå Førde har også gitt Florø ein viss x-faktor på topp. Han har også starta kvar kamp sidan overgangen var klar. Han laga også straffa mot Aalesund, men har ikkje fått sitt første mål enno.

Moses John Dyer frå New Zealand er framleis eit uskrive blad. Han har også vore småskadd. Den siste var keeperen Renze Fij. Hollendaren skal no debutere mot Sogndal. Og grunnen må seiast å vere at Florø torer å spele høgt.

Keeperflukt

I sommar bad Nicklas Frenderup om å få reise tilbake til Danmark. Han hadde då vore førstekeeper i Florø i tre sesongar. På vegen blir han plukka opp av Sandnes Ulf. Udramatisk tenkte dei fleste, då Jacob Storevik kanskje er den beste andrekeeperen i ligaen. Han har også storspela etter at han fekk tillit. Men måndag kom Sandefjord på bana og onsdag før overgangsvindauget stengde var han blitt Sandefjordspelar. Igjen står Florø med ein keeper som ikkje har spelt 1. lags fotball i Norge, og juniorkeeper Tord Hansen Solvåg som no blir runners up.

– Vi føler vi har god dekning i Renze, seier Rognsø om ikkje ville stå i vegen for at Storevik skulle få realisert draumen om å spele i eliteserien.

Dette er uansett korleis du ser det, å spele høgt. Blir Fij skadd er det tøft for ein junior å kjenne sisteskanse-ansvaret på skuldrene. I alle fall i ein avgjerande haustsesong der dei ikkje har råd til å sleppe inn så mykje som dei gjorde i vår- og i sommar skal dei kunne drøyme om ny Obos-billett. Storevik var på utgåande kontrakt og ville truleg gått etter sesongslutt. Ved å selje han til Sandefjord kjem pengar i kassa, pengar dei ikkje ville ha hatt i november. Men dette er gambling.

Fylkeslaget

Gamble gjer ikkje Sogndal. Dei er kyniske i det 10 kampar står att. Eirik Bakke henta inn ringrevane Trond Olsen (34) frå Bodø/Glimt og Bjørn Helge Riise (35) frå Aalesund. Sistnemnde kom inn for Aalesund mot Florø søndag og blir truleg å finne på midtbana til Sogndal søndag. (Hadde det ikkje vore for at overgangsvindauget stengde kunne han fått hat-trick i florøkampar på rad om han gjekk til HamKam i neste veke).

Litt trist er det at Sogndal slepte Johan Hove (17) til Strømsgodset. Dette var ein lokal unggut med kvalitetar. I jakta på opprykket vart han vege og funnen for lett i konkurranse med dobbelt så gamle spelarar. Dette er «fair enough» kampen om opprykk, men likevel litt trist for ein klubb som ikkje lenger har ein fylkesprofil. I dag er det leiarane i Sogndal som er lokale. Gutane på bana er det ikkje. Mot Strømmen var det ikkje ein einaste spelar ifrå Sogn og Fjordane i oppstillinga. Dette står i skarp kontrast til divisjonskollega Florø. Ni av dei elleve florøspelarane som starta mot Aalesund søndag var frå fylket og heile fem av dei var florøgutar.

Så når Florø møter Sogndal i Sogndal søndag er det Florø som er det lokale laget ut frå spelarane på bana. Sjølv for dei som bur i Sogndal, som ligg i Sogn og Fjordane.  

Florø har alt å vinne på søndag. Sogndal er skyhøge favorittar. Motivasjon er lett å finne for ein veslebror, og det er Sogndal som MÅ vinne, skal dei henge med i toppen. Bakke må angripe på heimebane og kan ikkje tape mot to botnlag på rad. Eit slikt press er ein perfekt inngang for Florø som igjen har fått tru på eigne ferdigheiter. Så for å konkludere: Stå no på ... Florø. 

Artikkeltags