Det stod 0–0 til pause mellom Fjøra og Florø Fotball på Fosshaugane Campus onsdag kveld i første runde av cupen. Ti minutt ut i andre omgang får Morten Knudsen stå åleine på fem meter og nikkar ballen i mål bak ein sjanselaus Storevik i Florø-målet.
Elleve minutt skulle det ta før Florø balanserte. Dei fekk fart på kula, trokla seg lekkert gjennom sogneforsvaret der Christer Husa var sist på ballen til 1–1. No verka det som Florø hadde bestemt seg, men etter 83 minutt klussar dei det til for seg sjølv. Det kom ei curla lemping inn i feltet frå venstre, som sørga for det.
Forsvarstabbe gav Fjøra ny leiing
Det verka som stoppar Vegar Gjermundstad trudde keeper hadde kontroll, medan Storevik i mål venta nok på ei klarering frå stopparane. For ballen gjekk rett gjennom feltet og i mål heilt inne ved stonga. 2–1 til Fjøra og mange rekna nok at cupbomba kunne komme. Men rett etter at klokka sa 90 minutt, vart Halvor Solheim-Olsen halden i feltet. På bilda såg det ut som ei billeg straffe, men dommaren var tydeleg. Straffe.
Lorent Callaku gjer ingen feil, og det første målet hans for Florø Fotball skulle bli eit særdeles viktig eitt.
I teorien skulle vi styrt kampen mot Fjøra frå start, men cup er cup og slike kampar er typiske bananskal
Halvor Solheim-Olsen, matchvinnar
Ekstraomgangar
Det var lett krampetendens blant alle dei elleve i raudt på bana, men dei jobba som heltar mot Florø. Fjøra kom på overgangar så langt kreftene rakk, men Florø hadde trykket. 1. ekstraomgang skulle likevel ende mållaus.
2. ekstraomgang verka også å gå utan mål, men det jamne florøtrykket skulle til slutt gi uttelling. Torbjørn Aabrekk fekk ein stor moglegheit etter at Halvor Solheim-Olsen la inn rett føre mål. Aabrekk skyt på direkten, men Fjøra-keeperen gjorde ei fantastisk redning på streken. Like etter stod Aabrekk åleine og kunne gjort det heilt store på andre forsøk, men denne gongen la heller ut til Halvor Solheim-Olsen som var skarp på tampen. Han set ballen mellom beina til Fjøra-helten i målet. Då var det minuttet før slutt i andre ekstraomgang.
Halvor «Snoddy» Solheim-Olsen gjorde først at Florø Fotball fekk ekstraomgangar i det siste ordinære speleminuttet. Deretter ordna han målet som sende Florø vidare i cupen. Då var vi komne i det siste minuttet av andre ekstraomgang, og det mot eit nydeleg og hardtkjempande Fjøra.
– Vi skulle styrt ifrå start
– Dette er ein kamp vi skal styre frå start, det vart litt for spennande for min smak, seier Solheim-Olsen. Han meiner det er vanskeleg å forklare kvifor, for det er ikkje slik at Florø IKKJE ønsker å køyre over eit lag i 4. divisjon.
– Cup er som kjent cup, og dette er eit klassisk bananskal der vi kan ryke mot eit lag som vi ikkje skal kunne ryke for. Men når dei tar leiinga, så stressar vi litt. Vi slepp oss ned nokre hakk, dei får eit heldig mål når vi malar på, så blir skuldrene litt høgre igjen. Men vi reddar oss heldigvis inn.
– Var det straffe i det 90. minutt?
– Den var soleklar! Eg får eit touch på ballen så blir eg dregen bakover.
– Kva tenkte du då du fekk ballen i boksen heilt på slutten?
– Eg hadde ikkje tid å tenke. Torbjørn legger ballen til rette og eg må berre legge den på mål.
– Vi har vore der sjølve
Florøtrenar Terje Rognsø visste at dei ville møte eit kjempande lågtliggande lag i Sogndal. Han visste også at dei kunne by oboslaget frå kysten på trøbbel.
– Vi har vore her sjølv. Då vi slo Sogndal 3–0 i cupen for nokre år tilbake, var avstanden den same som mellom oss og Fjøra. Og Fjøra er eit lag som held 3. divisjonsstandard, med mange gode spelarar, det vil eg ha sagt.
– Er du uroa for at du måtte bruke mange av dei du ser føre deg skal spele heime mot Notodden på søndag?
– Ja, eg skulle gjerne sett at vi ikkje måtte spele ein halvtime ekstra, den blir kalla skadehalvtimen for ein grunn. Heldigvis måtte Notodden ut i det same mot Pors i cupen i dag. Det er viktig å gå vidare. Eg vil ikkje seie noko på innsatsen til gutta i dag, den er bra. Og at vi kjem tilbake som vi gjer, står det respekt av, seier Rognsø.
– Var du nervøs for straffekonkurranse?
– Nei det var eg ikkje. Eg var trygg på at vi ville tatt det heim om det hadde blitt straffer. Det har noko med typane vi hadde på bana. Vi ville vore best i ein straffekonk, det er eg trygg på, svarar Rognsø.