Senegalesisk stortalent (19) på veg inn i Florø Fotball

Alioune "Badou" Ndour (19) frå Senegal kan bli Florø sin erstattar om Florøstjerna Rashad Mohammed forsvinner til eliteserien.

Alioune "Badou" Ndour (19) frå Senegal kan bli Florø sin erstattar om Florøstjerna Rashad Mohammed forsvinner til eliteserien. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Alioune»Badou» Ndour har nettopp vore på La Manga saman med Bodø Glimt. Han returnerte til Norge og snudde raskt og sette seg på flyet attende til La Manga som del av Florø-troppen som no er på sitt første Obos-opphald på det vidkjente forbundsanlegget i Spania. Glimt-trenar Aasmund Bjørkan fortalde til Avisa Nordland at han fekk eit godt inntrykk av prøvespelaren frå Senegal.

– Han er både sterk og atletisk. Ikkje minst med tanke på at han berre er 19 år. I tillegg er han en flott gutt med enorm spenst og trykk i spelet sitt. Han er uskolert, ung og kjem frå ein helt annan fotballkultur, men ferdigheitsmessig har han mange spennande kvalitetar til å vere så ung, fortel Bjørkan. Han følgde senegalesaren under heile La Manga-opphaldet til Glimt. Men dei gule frå Aspmyra signerte ikkje senegalesaren – og no er han med dei svarte og blå.

– Detaljar står att

F

Alioune "Badou" Ndour (19)  var på prøvespel på La Manga i førre veke. No er han tilbake med Florø Fotball.

Alioune "Badou" Ndour (19) var på prøvespel på La Manga i førre veke. No er han tilbake med Florø Fotball. Foto:

lorøtrenar Terje Rognsø fortel at «Badou» ikkje skal prøvespele, men at han allereie er Florøspelar om arbeidsløyvet og det formelle går i orden.

– Vi ser i eit litt lengre perspektiv med Alioune «Badou» Ndour. Rashad Mohammed var veldig sterk for oss i fjor og det har ført med seg interesse av større klubbar. Vi meinte prisen ikkje var god nok, men om han presterer i vår, kan han fort bli aktuell for andre klubbar. Eg ser eg føre meg at Ndour kan fylle dei skoa om den tid kjem, seier Rognsø. 

Ndour har vore tilslutta eit ungdomsakademi som heter Sacre Coeur i den senegalesiske houdstaden Dhakar. Deretter gikk turen til Dubai, der han spelte for klubben Al Khaleg Club.

– Då eg var ferdig i Dubai dro jeg tilbake til Dhakar. Så ringte telefonen om interessa frå Glimt, fortel han til Avisa Nordland og no er han allereie på eit nytt eventyr med Florø.

No har han, og franskmannen han kan bli erstattaren til, funne tonen.

– Ndour snakkar både fransk, spansk og engelsk så det er berre velstand, seier Rognsø.

Han meiner Ndour er ein angrepsspelar, men ser ikkje bort frå at han kan bli nytta på midtbana.

– Vi får sjå her nede, og vurdere fortløpande, seier Rognsø. Dei er ein spelartropp på 22 spelarar pluss fire leiarar. 

Ryland tilbake?  

Kristoffer Ryland har slite med kneet og som kjent var han ute heile haustsesongen på utlån til Florø. No er Sogndal-vingen skadefri, og i dialog med Sogndal er han no med Florø til La Manga.

– Planen er at han skal kjempe seg inn på A-laget til Sogndal, men på vegen dit kan han vere aktuell for oss. Han er betre rusta no enn han var på våren i fjor, seier Rognsø.

Truls Hovland og Luc Jeggo er begge ute med skade. I tillegg er midtstoppar Runar Hove er mest truleg ikkje aktuell for dei to kampane som skal spelast under veka i Spania. Det er vevsskaden i foten som framleis treng meir tid. Det er ikkje den beste nyheita for Rognsø å ha ein midtstoppar ute når målet er å drille defensiv organisering.

– Vi var veldig sterke defensivt i fjor. Dit skal vi tilbake igjen, men eg har sett i det siste at rytmen ikkje heilt sitter, det skal vi prøve å få ordna på her nede, avsluttar Rognsø.

  • Laurdag 11. mars møter Florø Ull/Kisa klokka 16.00.
  • Tysdag 14. mars speler dei mot Tromsdalen klokka 15.30.

Kampane sendast av Eurosport. 

Artikkeltags