Leivestad i fyr og flamme

Kultursjef i Flora kommune, roald Leivestad føre anleggsområdet der den nye skateparken skal byggast.

Kultursjef i Flora kommune, roald Leivestad føre anleggsområdet der den nye skateparken skal byggast. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

No er vi i gang, grabben går i jorda no, slår kultursjef Roald Leivestad fast. Han fortel det har vore eit langt og grundig stykke arbeid som er blitt gjort utan at prosjektet har vist noko synleg utvikling. Men no er entreprenøren på plass og grabben er bokstaveleg tala gått i jorda. 

Skateparken vil bli på 800 kvadratmeter der 300 skal vere under tak. Masseutskifting er gjort på tomta og alt ligg til rette for å starte arbeidet.

1. juni?

Planen i utgangspunktet var at parken skulle vere ferdig 1. juni. Dette torer ikkje kultursjefen å svare på no, men i neste veke vil framdriftsplanen for prosjektet ligge føre. No er alt klart for Betongpark, firmaet som har fått jobben med å gjere det oppgravne holet mellom ungdomsskulen og Florahallen til ein såkalla bowl, eit anlegg spesialdesigna for å utfordre dei som trivst like godt på brett som på nett, som dei seier. 

Proffe designarar

At utforminga av parken som kjem i Florø blir "top notch" skal ungdommane kjenne seg trygge på. Betongpark har laga mange slike skateparkar rundt i landet og vann "design & build"-utlysinga i Florø. 

I dag var det oppstartsmøte og Bjerck og Brendø som har grunnarbeidet er no på plass med maskiner og utstyr.

Vidar Gamlestøl, anleggsleiar i Bjerck og Brendø, opplyser at området no er gjerda inn og ber publikum respektere sperringane som syter for at HMS-reglane blir følgt til punkt og prikke.

  • Les også:

Tak? Ja, takk!

Daryl har designa Florøs skatepark

Ja, det blir skatepark! 

Artikkeltags