– Det er den største kampen nokosinne i Florø, og eg meiner vi er favorittar

OPTIMIST: Harald Gjervik, dagleg leiar i Florø Fotball meiner at Florø har det som skal til for å ta alle tre poenga mot storklubben Viking på heimegras søndag.

OPTIMIST: Harald Gjervik, dagleg leiar i Florø Fotball meiner at Florø har det som skal til for å ta alle tre poenga mot storklubben Viking på heimegras søndag. Foto:

Harald Gjervik fortel Florø – Viking blir TV-kamp og tidenes fotballkamp i Florø.

DEL

Viking, Aalesund og Mjøndalen ligg alle i toppen av Obosligaen med 49 poeng. Søndag 15.00 kjem Viking til Florø.

Siddisane har etter ein heller slapp start kjempa seg opp i toppen i ligaen. I august gjekk dei rett nok på to tap. Først mot Nest-Sotra på heimebane før Sandnes Ulf vann lokalderbyet 3–0. Det var for tre rundar sidan. På dei tre siste har Viking slått botnlaget Levanger og formsvake Notodden før dei hekta av Sogndal i opprykkskampen med å vinne 2–0 heime. Søndag er det Florø som står i vegen.

 

– Heilt legendarisk    

Dagleg leiar i Florø Fotball, Harald Gjervik er i fyr og flamme over at storklubben kjem til Florø for å speke seriekamp. 

– Det er heilt legendarisk at Florø skal spele seriekamp mot Viking i Florø søndag. Det er heilt fantastisk. Ja, vi har hatt Start, Bodø/Glimt, Aalesund og Fredrikstad til i seriekamp i Florø, men med all respekt og melde så er det ingen som er på nivå med Viking, seier han.

Medan Viking er i opprykkskampen, så kjempar Florø for å overleve. Så dette blir ein kamp der alle dei 22 spelarane på bana vil gi alt dei har for å vinne. Og Gjervik har ei god magekjensle. For Florø har heva seg. Dei var betre enn Sandnes Ulf i førre heimekamp der vinden tok hovudrolla, og dei kjem rette frå ein sterk bortesiger på Ågotnes mot Nest-Sotra, der dei overraska i mange sine auge. Det kan dei i Florø også, meiner Gjervik.        

I mitt hovud er vi favorittar mot Viking på søndag, det er i grunn rimeleg stilig.

Harald Gjervik, dagleg leiar Florø Fotball
 

– Vi er favorittar

Det er topp mot botn på søndag, men Gjervik set ein knapp på botnlaget. (Dette er stikk i strid med Stimen-leiar Jon Håvard Strømsnes som meiner Viking er klare favorittar, det kan du lese her. Vi kan også legge til at Betsson har Florø til 4.45 i odds som vinnar og Viking til 1.66, medan Coolbets har Florø til 4.95 i odds og Viking til 1.65 som vinnar. Smartbets har Florø til 4.62 i odds og Viking til 1.73 slik at dei som handterer pengespel er samde om at Viking er klare favorittar mot Florø i Florø søndag)

– Det er ikkje berre det at vi skal ta imot Viking, som er ein storklubb, men personleg synest det er kult at vi er favorittar i mitt hovud på Florø stadion søndag. Det er ikkje å reint lite stilig. Eg merker når eg snakkar med folk så er innrykket at Viking er ein klubb vi kan ta, seier Gjervik som gler seg til bataljen. 

Men publikum har ikkje stilt opp på same nivå som i fjor på heimekampane.

KONTROLL: Vikings Zlatko Tripic har vore solid i år, men på SR-Bank Arena i Stavanger i vår hadde André Frøyen Reksten (bak) og Stefan Aase t.v. godt tak på Viking. Dei tok leiinga og hadde eit stolpeskot på tampen som kunne gitt poeng.

KONTROLL: Vikings Zlatko Tripic har vore solid i år, men på SR-Bank Arena i Stavanger i vår hadde André Frøyen Reksten (bak) og Stefan Aase t.v. godt tak på Viking. Dei tok leiinga og hadde eit stolpeskot på tampen som kunne gitt poeng. Foto:

 

Publikum sviktar

I fjor hadde Florø 1244 besøkande i snitt på tribunen og så langt i år er talet 991.

– Med tanke på at vi har om lag like mange sesongkort i år, så har vi færre med sesongkort som kjem på kampane. Det betyr at vi har kring 350 personar mindre på tribunen i snitt i høve til i fjor.

– Kva trur du er grunnane til det?

– Det er fleire grunnar, den viktigaste er nok at sportslege resultat har mykje å bety for interessa. Noko kan også forklarast med vêret. I fjor hadde vi kanskje 10 minutt med lett yr på heimekampane. I år har vi hatt mykje dårlegare vêr, forklarar han.

Det positive denne sesongen meiner han er at Florø fekk 16. mai kamp og at Sogndal og Florø no stod i same divisjon. At Viking rykte ned og kom i same serie som Florø, har også vore ei gulrot.

TV-kamp

– No er det altså Viking. Den største kampen av dei alle. Det er i tillegg TV-kamp med fleirproduksjon der Discovery kjem til Florø med eit team på 20 personar for å produsere TV-bildene. Då håpar vi at Florø skal vise seg frå si beste side, seier Gjervik.

Han meiner det er viktig å sjå litt tilbake og glede seg over kva Florø som klubb har oppnådd dei siste åra. Og han set botnpunktet tilbake til 22. mai 2010. Florø på heimebane mot Vik i Firdaligaen. Florø leda 2–0 i 60 minutt. For så å tape 2–5 etter at Vik snudde med fem scoringar dei siste halvtimen.

– Det er eit godt stykke frå å tape 2–5 for Vik på heimebane til å vere favorittar når Viking kjem til Florø søndag. Viking har ikkje tatt poeng på gras tidlegare år. Akkurat dette tenker dei nok litt på før dei går ut på den glatte matta i Florø klokka tre søndag, poengterer Gjervik til slutt.

Artikkeltags