Lakselusas skrekk kjem til Florø

Sambruk: Inkludert alt utstyret om bord kostar Ro Server rundt 350 millionar kroner. Tolv oppdrettarar står bak, og dei skal dele på bruken. Foto: Rostein AS

Sambruk: Inkludert alt utstyret om bord kostar Ro Server rundt 350 millionar kroner. Tolv oppdrettarar står bak, og dei skal dele på bruken. Foto: Rostein AS

Artikkelen er over 4 år gammel

Brønnbåten Ro Server er det nye flaggskipet i oppdrettsnæringa. 18. juni blir båten høgtidleg døypt og vist fram i Florø.

DEL

Historia om Ro Server er historia om oppdrettarar som vil mykje både på vegner av bransjen og klimaet.

Raskt levert

I mars 2015 blei det skrive ein avtale mellom Rostein AS og 11 oppdrettarar i Salmon Group om å få bygd ein moderne brønnbåt.

15 månader seinare ligg Ro Server ferdig utrusta hos Larsens Mek Verksted på Sunnmøre. Elleve oppdrettarar er blitt til tolv.

18. juni blir båten døypt i Florø i samband med Laksens Dag. I timane før skipsdåpen er det open båt for dei som vil sjå nærare på det nye flaggskipet i oppdrettsnæringa.

Tipp topp utstyrt

Reiarlaget skryt av oppdragsgjevarane.

– Vi oppdaga raskt oppdrettaranes sterke vilje til å få til noko ekstraordinært, seier viseadministrerande direktør i Rostein, Glen Bradly.

I staden for å jakte på små innsparingar og gårsdagens løysingar, var dei heile tida klare på at dei ville ha eit nybygg med fokus på berekraft og miljø.

Glen Bradly, viseadministrerande direktør i Rostein

– I staden for å jakte på små innsparingar og gårsdagens løysingar, var dei heile tida klare på at dei ville ha eit nybygg med fokus på berekraft og miljø, held han fram. Det lokale fotavtrykket skal vere minst mogleg, og laksen skal ha det best mogleg.

– Skipet er utstyrt slik at det fjernar lusa både frå laksen og havet utan bruk av noko anna enn ferskvatn.

LES OGSÅ: Lite lus med varme.

Sambruk

I tillegg er båten energieffektiv og kan frakte cirka 500 tonn levande laks, noko som svarar til tjue vogntog med laks i isoporkassar. Inkludert alt utstyret om bord kostar båten rundt 350 millionar kroner.

– Oppdrettarane har vist sterk investeringsvilje og vilje til å få til eit samarbeid, seier Solveig Willis i Salmon Group.

Det må både velvilje og køsystem til når ein skal sambruke ein båt på denne måten.

Dei 12 oppdrattarane er:

Steinvik Fiskefarm

Osland Havbruk

Sandnes Fiskeoppdrett

Svanøy Havbruk

Flokenes Fiskefarm

Marø Havbruk

E. Karstensen Fiskeoppdrett

Landøy Fiskeoppdrett

Nordfjord Laks

Sulefisk

Aqua Farms Vartdal

K. Strømmen lakseoppdrett

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken