Industri Energi braut torsdag forhandlingane med Norsk olje og gass på landbaseavtalen.

– Vi fekk ingen forsikringar om at medlemmene våre ville få oppretthalde kjøpekrafta. Sjølv ikke minstelønnssatsane var det vilje til å oppjustere, seier Frode Alfheim,  som leiar forhandlingane frå Industri Energi.

Nestleiaren i Industri Energi strekar under at dei tillitsvalde har vore moderate og ansvarlege overfor bedriftene i sine krav.

Industri Energi tilbydde seg å avvente signering av den sentrale avtalen fram til dei lokale særavtalane er gjennomførte. Dettte for å sjå oppgjera samla sett- etter modell av bransjeavtalen. Målet er å sikre reallønna, men det førte ikkje fram.

- Våre krav rettar seg mot å forsvare normalarbeidsdagen. Dette er krav som ville hatt liten kostnad for bedriftene dersom dei hadde organisert arbeidet deretter, seier Alfheim.

Forhandlingane held fram hos Riksmeklingsmannen.

Industri Energi har 885 medlemmer på landbase-området. Dei arbeider i KCA Deutag Drilling Norge, ASCO Norge, NorSea, Coast Center Base, Norbase, Vestbase, Polarbase, CCB Mongstad, Helgelandsbase, Saga Fjordbase og Risavika Terminal.

I tillegg er det ein del tilslutningsbedrifter, som IKM Testing, IKM Laboratorium, Applus RTD, Enermech og NPT Testing.