Trafikkulukke i Erdalen - ein person sendt til legevakt

Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

FØRDE: Personbil køyrde i autovernet nær Erdalen på rv. 5. Vegen er no opna att for fri ferdsel.

DEL

– Det er uklart kva som har skjedd. Det er ein bil med ein person som har vore i eit trafikkuhell. Førar melder om smerter i nakke og rygg, opplyste Arve Samsonsen hos Vest politidistrikt, like etter at naudetatane var på veg til ulykka, Skriv firda.no.

Meldinga kom litt før klokka 15.00. Alle naudetatane rykka då ut.

Jan Gunnar Holvik ved Alarmsentralen i Florø sa klokka 14.55 til Firda at det ikkje var meldt om store skader, men at brannmannskapet enno ikkje var på staden.

Frakta til sjukehus

Politiets innsatsleiar på staden, Øystein Russenes, fortel at det er snakk om ei singelulykke, der ein personbil har køyrt i autovernet. Han fortel vidare at føraren av bilen er sendt til legevakt, men at vedkommande framstår som uskadd eller lettare skadd. Det blir seinare meldt at føraren av bilen var ei kvinne, og at bilen ikkje er køyrbar etter uhellet.

Vegen er no opna

Det pågjekk manuell dirigering på staden fram til bilbergar fekk fjerna bilen. Klokka 15.39 melde politiet på Twitter at bilen var fjerna og at vegen var opna att.

Tips Oss
Tlf. 57 75 73 28 E-post: redaksjon@firdaposten.no SMS/MMS "fiptips" til 2005

Artikkeltags