Fann død mann i sjøen

VEIT LITE: Innsatsleiar Kjell Bolsø fortel dei hadde lite informasjon kring dødsfallet dei kunne gå ut med.

VEIT LITE: Innsatsleiar Kjell Bolsø fortel dei hadde lite informasjon kring dødsfallet dei kunne gå ut med.

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Omtrent klokka 20.00 måndag fekk politiet melding om at det hadde blitt observert eit livlaust menneske i sjøen på utsida av Furuholmen båthamn i Florø.

– Det er ein eldre mann, og no veit vi lite om kven det er, og kva som er grunnen til dødsfallet. Vi veit heller ikkje noko konkret om omstenda rundt dødsfallet, seier innsatsleiar i politiet, Kjell Bolsø.

Politiet er no i ferd med å ringe inn identiteten til vedkommande, men den var ikkje kjent då Firdaposten var i kontakt med politiet på staden.

Ein eldre mann

Personen vart karakterisert som ein eldre mann som var kledd i vanlege fritidsklede. Kor lenge vedkommande hadde vore i sjøen då han vart funnen, kunne ikkje politiet gå ut med.

Det var folk som gjekk langs marinaen som hadde oppdaga det livlause mennesket, og tok kontakt med politiet. Personen vart funnen i fjæresteinane på utsida av båthamna mot Solheimsfjorden, omtrent midt på fyllinga mellom klubbhuset til Florø båtforening og det nye klubbhuset til Florø seilforening.

Det er ingenting ved dødsfallet i Florø som tyder på at det har skjedd noko straffbart

Operasjonsleiar i politiet, Stein Rune Halleraker

Politiet var raskt på staden, og innsatsleiar Bolsø og patruljen vart tilkalla ifrå Førde. Då dei kom fram, var patruljen i Florø allereie på plass.

No er det oppretta ei undersøkingssak der politiet vil jobbe målretta med å finne ut kven den eldre mannen er, og kva som kan ha skjedd.

Ikkje noko straffbart

Operasjonsleiar Stein Rune Halleraker ved Bergen politistasjon, fortel til Firdaposten at det er ingenting som tydar på at det har skjedd noko straffbart i samband med dødsfallet.

– Vi har ei formeining om kven dette mennesket kan vere ut frå opplysningar vi sit på, men vi kan ikkje gå ut med noko namn enno, svarar operasjonsleiaren på telefon i frå Bergen. Han opplyser at det framleis er undersøkingar som må gjennomførast slik at dei kan vere sikre på kven det kan vere. Deretter skal pårørande og næraste familie kontaktast innan dei kan offentleggjere identiteten til personen. 

Det er allereie gjort eit vedtak om at personen som vart funnen skal sendast til Gades Institutt i Bergen for obduksjon.

Artikkeltags