Ein båtførar kom over denne snekka

UNDER VATN: Denne snekka ligg 100 meter frå naustet ved Florø lufthamn.

UNDER VATN: Denne snekka ligg 100 meter frå naustet ved Florø lufthamn. Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Snekka låg nesten heilt under vatn i Solheimsfjorden ved flyplassen i Florø.

DEL

Klokka 19.20: Båten er slept i sikkerheit.

Klokka 18.00: Båten er no på slep og skal sikrast, melder politiet.

Klokka 17.50: Politiet har fått kontakt med eigaren.

Klokka 17.00: Politiet melder om ei snekke som ligg og driv utanfor flyplassen i Florø. Politiet ønskjer at dei som kjenner til denne båten tek kontakt på telefon 02800. Det skriv Firda.

– Vi har fått melding frå ein person som har funne båten ca. 100 meter frå naustet til lufthamna. Det er ei kvit tresnekke, kvitare enn det ho ser ut som på bildet, og vi ønskjer å kome i kontakt med nokon som kjenner båten slik at vi kan få fjerna den. At den ligg der er både ei belastning for båteigar og dei som ferdast i området, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Espen Gulliksen.

Politiet kan ikkje svare på kor lenge båten har lege der eller kor den kjem frå. Båten er laus og driv utover.

Artikkeltags