Mann banka på dør der han ikkje var velkommen, vist vekk av politiet

DEL

FIRDA: Klokka 01.25 natt til søndag fekk politiet telefon frå ein skremt bebuar i Florø om ein mann som stod og banka på døra.

– Han var på ei adresse han ikkje hadde noko å gjere på. Patruljen kom fram like etterpå, og viste han vekk frå staden, seier operasjonsleiar Hans Erik Thue i Vest politidistrikt.

Mannen i 40-åra er ein kjenning av politiet, ifølge operasjonsleiaren.

Artikkeltags