Politiet måtte fredsmekle i Florø sentrum

Politiet beslagla førarkortet til ein mann i sekstiåra i Stryn etter mistanke om promillekøyring.

DEL

Bilen stod i ro då politiet kom fram, men mannen er mistenkt for å ha køyrt til staden i rusa tilstand, melder Firda.

Han vart teken med til lege for blodprøve, og førarkortet vart beslaglagt på staden, melder operasjonsleiar Arve Samsonsen i Vest politidistrikt.

Hendinga er loggført klokka 23.25 laurdag kveld.

Politiet mekla i Florø

Tre timar seinare fekk politiet melding om ordensforstyrring ved samfunnshuset i Florø sentrum.

To menn var involverte, ein i tjueåra og den andre i trettiåra.

Politiet snakka med dei og mekla, og forholdet vart ordna på staden.

– Det er usikkert om det var slagsmål, melder operasjonsleiar.

Artikkeltags