– Katastrofe dersom dei legg ned fabrikken

Tilsette ved Florø-fabrikken.

Tilsette ved Florø-fabrikken.

Artikkelen er over 3 år gammel

I dag kan styret i Pelagia vedta å sette kroken på døra for 60 arbeidstakarar i Florø.

DEL

– Vi forstår ikkje kvifor dei skal legge ned eit anlegg som alltid har levert gode resultat. Sjølv om det er gjort minimale investeringar siste åra, klarer vi å konkurrere, seier hovudtillitsvalt Christian Maureira hos Pelagia Florø til Sysla.no.

Klokka 15 i dag skal styret i selskapet ta stilling til om fabrikken skal leggast ned og ingen i leiinga vil kommentere saka før møtet.

Dersom det blir bestemt å legge ned fabrikken, vil det vere ei katastrofe for dei tilsette.

Opent brev frå dei tilsette

Florø-fabrikken har nyleg teke i mot dei berømte makrellstørjene frå skipper Tore Hillersøy og mannskap og tok i helga i mot 520 tonn makrell. Anlegget er oppdatert med nye automasjonssystem og har gode frysefasilitetar for 10.000 tonn.

Men ved nyttår kan det vere slutt for Maureira og dei kring 60 tilsette. Svært mange av produksjonsarbeidarane er første generasjons innvandrarar, som kom til Florø for 20–30 år sidan, og som lojalt har halde seg til denne arbeidsplassen gjennom opp og nedturar. Med si einsidige fabrikkerfaring har dei ikkje nokon variert cv å slå i bordet med om dei må stille seg i køen av arbeidsledige. Nedlegginga skjer i ei tid med nedtur i ein annan bransje i byen- oljeindustrien- så det blir ikkje lett å skaffe seg jobb.

LES TIDLEGARE ARTIKLAR:

Med overkapasitet i bransjen har Pelagia-leiinga valt å bruke Florø-anlegget minimalt. Så lite har fabrikken vore i drift i periodar at arbeidarane fekk problem med å heve dagpengar til slutt. For tida investerer konsernet i anlegga i Måløy og Selje.

For eit par veker sidan blei det kjent at leiinga no vurderer å stenge ned fabrikken, samstundes med at det blei kjent at dei hadde sikra seg kontroll over bygningane ved å overta aksjemajoriteten i eigarselskapet Scombrus. Som eigar og ikkje leigetakar av bygningane kan ein hindre at det blir starta opp konkurrerande verksemd.

Nettopp dette er halmstrået til dei tilsette. Hovudtillitsvald Christian Maureira håpar andre kan ta over og drive vidare.

– Vi tilsette her har ein unik kompetanse, som vi kan bygge vidare på, understrekar han til Sysla.no

Pelagia Florø

Skaarfish-anlegg i Gunhildvågen (frå 1987). Skaarfish var etablert i Florø sentrum frå 60-talet då dei overtok Florø Fryseri.

Har vore del av Global Fish og Norway Pelagic konsernet. Sidan 2014 er det Pelagia, som Austevoll Seafood (Møgster-familien på Austevoll) og Kvefi (familien Witzøe frå Frøya) eig 50/50, som har vore eigar av fiskemottaket.

Anlegget har kapasitet til å filetere 15 tonn fisk i timen, og pakke 600 tonn per dag.

Har frysekapasitet på nesten 10.000 tonn fisk.

Konsernet har 26 fiskefabrikker som tar imot og foredlar pelagisk fisk. 14  ligg i Norge, 4 i Sogn og Fjordane.

Artikkeltags