– Å sette pers er det beste som finst, ingenting er betre

POSITIV UVANE: – Eg brukar å kaste litt for høgt, seier det nye norske spydesset Sigrid Borge. Det betyr at ho vil tene spesielt godt på medvind. Foto: NTB

POSITIV UVANE: – Eg brukar å kaste litt for høgt, seier det nye norske spydesset Sigrid Borge. Det betyr at ho vil tene spesielt godt på medvind. Foto: NTB

SPYD: Den nye Trine Hattestad kjem frå Osterøy er 22 år, heiter Sigrid Borge og meiner å perse er det beste som finst.

DEL

Sigrid veit kva ho snakkar om, for sidan ho var 17 år har det gått ein veg for spydtalentet. Ho har forbetra seg kvart år og er for lengst den suverent beste spydkastaren i Norge. Ho er ein av utøvarane det blir satsa på inn mot Berlin EM der ho har planen klar.

– Eg vil til finalen, så vil eg kaste opp mot 65 meter.

Den personlege bestenoteringa til 22-åringen er på 63.28 og sett på desse tider i fjor på Nadderud stadion i Bærum.

Ho sesongdebuterte i den tyske byen Halle i helga og laurdag 2. juni er det medvinden i Florø som skal gi ho rekorden ho jagar.

– Å sette pers er rett og slett det beste som finst. Det er ikkje noko som kjem i nærleiken.

Ho har aldri vore skadd, har trent jamt og godt i vinter så det er all grunn til å tru at progresjonen til jenta frå Hausvik på Osterøy vil halde fram.

På mange måtar er det ei utakknemleg oppgåve å kaste spyd i Norge. Vi er ein nasjon som har fostra to av dei største spydkastarane gjennom tidene. Andreas Thorkildsen som har OL gull både frå Athen (2004) og Beijing (2008) og Trine Hattestad som vann OL gull i Sydney (2000).

Det er ingenting som kan måle seg med det å sette personleg rekord.

Sigrid Borge, spydkastar

For det første er spyd og friidrett større idrett utanfor Norge enn i gamlelandet, men pussig nok er standarden nordmenn er vande med at norske kastarar skal vere i medaljekampen kvar olympiade.

– Ja det er litt spesielt at vi har hatt desse store spydkastarane i Norge, men eg har eit klart mål om å vere med i medaljekampen i OL, og Tokyo 2020 er mitt store mål, slår Borge fast. No er ho spydkastar på heiltid og topp motivert.

Driv du med kast er du utsett for skade. Stemnet du set med foten, og påkjenninga i skuldra når du trår til for all kraft er ikkje akkurat helsebringande. Såleis er toppidrett usunt. Men all den kjedelege treninga for å tole påkjenninga gjer ho med glede. For skader set deg tilbake. Då kjem ho lengre unna å oppnå det ho jagar kvar einaste dag. Nye personlege rekordar.

Nordvesten i Florø er perfekt for spydkast. Her er banerekorden over 90 meter, og kanskje er bana spesielt god for Sigrid Borge.

– Vindretninga er litt hipp som happ i spyd, men eg har ein tendens til å kaste for høgt. Då er medvind gunstig, seier Borge. Så med klaff i Florø ligg alt til rette for ny rekord. Då kan det bli veldig moro å følge spydesset framover mot Berlin.

Deltakarane:

Norsk rekord: 69,48 Trine Hattestad, IK Minerva, 2000
Banerekord: 67,78 Trine Hattestad, IF Minerva, 1997
EM-krav: 59,00 VM-U20-krav: 50,00
Sigrid Borge

1995

NOR

63,20


Tatsiana Korzh

1993

BLR

62,10

qual Olympics Rio 2016
Natassia Kalamoyets

1994

BLR

69,74



- Det vore vanskeleg å få på plass skadefrie spyd-jenter i år. Dei har blitt borte i tur og orden, men vi jobbar på for å mønstre to jenter til med pers over 60 meter. Målet har vore god matching for Sigrid, som med fin spydvind i Florø kan ta nye steg oppover 60 meter-stigen, seier elitekoordinator Ståle Jan Frøynes.

Artikkeltags