Amalie Iuel trenar med Warholm: - Tørr humor er nok ein føresetnad, ja

SPENT: – Eg har ikkje sett konkrete mål i år, men håper  på framgang, seier Iuel. Som Warholm har ho likt det alsidige med idretten og venta Amalie lenge før ho spesialiserte seg på 400 meter hekk.  Foto: NTB

SPENT: – Eg har ikkje sett konkrete mål i år, men håper på framgang, seier Iuel. Som Warholm har ho likt det alsidige med idretten og venta Amalie lenge før ho spesialiserte seg på 400 meter hekk. Foto: NTB

400 METER: Amalie Iuel er den nye 400 meter kometen og som verdsmeister Warholm er også Amalie tidlegare mangekjempar.

DEL


– Eg har veldig tru på å drive allsidig lenge før du spissar treninga di. Framfor alt for å unngå skader, seier Iuel.

Ho meiner noko av grunnen til at ikkje har hatt dei alvorlege skadane er nettopp at ho har trent allsidig. Ho har vist seg som ein svært så dugande sjukamp-utøvar. Dette er det same utgangspunktet som verdsmeister Karsten Warholm. Også han droppa mangekamp til fordel for 400 meter hekk, og så han har unngått skadane som utøvarar som spissar satsinga si tidleg ofte er utsett for.

Danskfødde Iuel kom som ein komet inn i landslaget i 2015.


Kunne vore dansk


INSPIRERT: Trener Leif Olav Alnes trener både verdsmeister Karsten Warholm og Amalie Iuel. – Du må ha dårleg humor for å trivast med desse gutta, men det har eg. Eg går inspirert og motivert til kvar trening, seier Amalie Iuel.    Foto: : Heiko Junge / NTB scanpix

INSPIRERT: Trener Leif Olav Alnes trener både verdsmeister Karsten Warholm og Amalie Iuel. – Du må ha dårleg humor for å trivast med desse gutta, men det har eg. Eg går inspirert og motivert til kvar trening, seier Amalie Iuel. Foto: : Heiko Junge / NTB scanpix

Ho har norsk far og dansk mor, men då faren har hatt ei leiande stilling i Telenor reiste familien på sju, verda rundt. Etter å ha budd sju år i fleire ulike land var det usikkert om ho kunne delta for den norske landslaget i EM i 2015. Men med ein times margin fekk ho det norske passet etter at danskane var svært interesserte i å kapre den kjappe hekkeløparen.

No er 23-åringen tilbake i Norge og Oslo der ho har eit lengre perspektiv på idrettskarrieren sin.

Inspirasjon og motivasjon er nøkkelord Iuel trekk fram som viktig ved å vere i same treningsgruppe som den norske stjerna Karsten Warholm. Og det er mange parallellar mellom Iuel og Warholm. Ein ting er at ho var mangekjempar og aktiv i ulike idrettar, det andre er at ho har den same tørre humoren.


Elskar å trene med Karsten


– Eg elskar å trene saman med Karsten Warholm og i gruppa til trenar Leif Olav Alnes, og då er kanskje dårleg humor ei føresetnad, seier Iuel og ler.

Ufarleggjeringa og den gode stemninga som har etablert seg i gruppa, meiner Iuel er givande.

– Det er ikkje ei trening eg har grua meg til etter at eg kom til Norge, eg gler meg, og no er det som om Norsk friidrett surfar på ei medgangsbølge. I dag er eg 100 prosent friidrettsutøvar og kjenner meg privilegert over å få kunne drive med det eg elskar aller mest.

I fjor regelrett smadra ho Sølvi Olsen Meinseths 400 meter rekord frå Bergen i 1991. Det minner om kanonløpet Karsten Warholm leverte på 400 meter i Florø i fjor. Men til liks med Warholm er det 400 meter hekk som gjelder.

– Kva er målsettinga di i år?

– I år har eg vore bevisst på å ikkje sette konkrete mål. Eg vil ikkje ha presset og forventningar i ein sesong der mykje er nytt. Når det er sagt ønskjer vi alle framgang. Eg gler meg til å komme til Florø, seier ho.

I Florø skal ho etter planen springe spesialdistansen 400 meter hekk. Men det er også aktuelt å gå for den norske bestenoteringa på 300 meter hekk som tilhøyrar Vilde Svortevik (halvt Svelgar) på 40.96.


TILBAKE: Amalie stortrivast etter at ho flytta heim til Oslo.

TILBAKE: Amalie stortrivast etter at ho flytta heim til Oslo.

Amalie Iuel

Alder: 23

Født i Danmark, har dansk mor og dansk-norsk far. Amalie representerte Danmark fram til ho fekk norsk pass i 2015, og har representert Norge sidan

Har budd, studert og trent i California i fleire år. Bur no i Norge og trenar i gruppa til Leif Olav Alnes, mellom anna med Karsten Warholm.

Studium: Har ein bachelor frå USC i LA, studerer nå master ved NIH i Oslo.

Klubb: IL Tyrving

Rekordar: Har norsk rekord på både 400 m og 400 m hekk.

Har representert Norge i VM 2015, EM og OL 2016, og VM i 2017.

Gjorde rent bord i NM 2017: gull på 400 meter, 400 meter hekk samt gull til Tyrving på 4 x 400 meter stafett.

Vart kåra til månadens friidrettsutøvar i april 2017 av det europeiske friidrettsforbundet.


Norsk rekord 300h: 40,96 Vilde Svortevik, Gular, 2013
Banerekord 400mh: 56,54 Joh. Linkiewicz, POL , 2014
EM-krav 400mh: 57,50 VM U20-krav: 60,00
Amalie Iuel

1994

NOR

55,38

Elisabeth Slettum

1986

NOR

58,26

Marie Skjeggestad

1999

NOR

59,78


- Det blir altså 300m hekk for våre tre beste hekke-jenter, og målet er klart: rekord-tida til Vilde Svortevik.

Amalie skal jo ut på 400m hekk på Bislett fem dagar seinare, og dette kan bli den perfekte oppkøyringa. Ho spring truleg 200 meter til slutt i Florø i tillegg, seier elitekoodinatoren.

Artikkeltags