Florø tapte 1-0 for Tromsdalen borte

NEDRYKKSTEMPO: - Vi kan ikkje gå i koma i 20 minutt og tru vi kan ta poeng borte mot Tromsdalen, seier Florø trenar Terje Rognsø

NEDRYKKSTEMPO: - Vi kan ikkje gå i koma i 20 minutt og tru vi kan ta poeng borte mot Tromsdalen, seier Florø trenar Terje Rognsø Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Ei strak rist frå Tromsdalen sin Håkon Kjæve vart einaste teljande på TUIL Arena i dag. Dermed må Florø reise sørover igjen utan poeng i bagasjen. Florø klarte seg godt i første omgang. Tromsdalen er eit av dei kvassaste heimelaga i divisjonen, men ei aggressiv midtbane med 2xAase og Jeggo lét ikkje heimelaget få fred.

Men i andre omgang fekk vi sjå eit noko tydlegare heimelag. Og etter seks minutt dukka nemnde Kjæve opp i boksen og banker ein retur i nettet bak Florø-keeper Nicklas Frenderup. Tromsdalen hadde tatt leiinga. Og no fekk vi sjå litt av grunnen til kvifor Tromsdalen har vunne tre kampar på rad, og tre heimekampar på rad.

Vi har nedrykkstempo deluxe, og det må vi snu

Terje Rognsø, hovudtrenar Florø Fotball

Terje Rognsø sa føre kampen at Tromsdalen er av dei laga i Obos som liknar mest på Florø. Med korte kjappe ein-touch-pasningar pressa dei Florø bakover på bana og 2–0 låg i lufta. Men trenarteamet torde ikkje å presse for høgt i frykt for at Florø skulle kontre inn utlikninga.

Rognsø bytta inn Kristoffer Ryland for Truls Hovland på høgrekanten etter 60 minutt. Han fekk med det litt meir driv framover på høgrekanten. Ti minutt seinare fekk Allioune «Badou» Ndour sin debut for Florø.

DEBUTERTE: Allioune "Badou" Ndour fekk sin Florø-debut etter 70. min, men denne gongen var det Tromsdalen som tok sigeren.

DEBUTERTE: Allioune "Badou" Ndour fekk sin Florø-debut etter 70. min, men denne gongen var det Tromsdalen som tok sigeren. Foto:

Florø klarer å etablere eit visst press på Tromsdalen no, men det er heimelaget som vinn andreballane. Dessutan er Tromsdalen som Florø eit lag som trivast med høg fart og som evner å halde ballen i laget.

Til slutt så skulle dei også klare å ri av presset og sikre seg alle poenga.

– Surt å tape

Endre Kupen spelte 90 minutt for første gong på ti rundar. Han skapte nokre sjansar ut av ingenting i Tromsø, noko Florø ikkje har vore vidare velsigna med dei første tolv kampane. Sjølv meiner han at han hadde sett sjansane om han hadde vore i form. 

– Det er godt å vere tilbake igjen, men eg klarer ikkje sjå lyspunkta når vi taper, seier Kupen og meiner det var ein periode der dei fekk ein leksjon av Tromsdalen.

– Dei spelte oss ut eit kvarter rundt då dei fekk målet. Då lar vi dei trille ball. Så det er trasig å reise så langt og ikkje få med seg noko heim. Vi kjem oss rett nok til sjansar, men det held ikkje når vi ikkje set dei i mål. Så no er det berre å reise heim å øve, seier Kupen. Han håper uttellinga sit heime neste helg mot Ullensaker Kisa.

Det er den første heile kampen han speler sidan skaden.

– Eg er sliten, men det er det som må til for å komme tilbake i toppform, seier Kupen.

Tromsdalen rykka opp på 7.-plass og tok over plassen Florø sin neste motstandar heime på søndag, Ullensaker/Kisa. Dei grøne og gule gjekk på sitt andre tap på rad. Denne gongen borte mot Mjøndalen. Ull/Kisa leia etter første omgang, men eit hat-trick frå Pellegrino i andre sikra Mjøndalen alle poenga.

Florø blir ståande på 12.-plass etter at laga rundt dei, Kongsvinger, Elverum og Jerv alle tapte i denne runden. Men jumbo Fredrikstad fekk sin første siger for året med sterke 4–0 heime for Elverum.

– Vi har nedrykks-tempo deluxe

Trenar Terje Rognsø meiner det er dei 15–20 minutta rundt målet som gjer at dei taper kampen i Tromsdalen.

– Vi var ekstremt svake i starten på 2. omgang. Og sjølv om vi har eit stort trykk på tampen så treng vi så mange moglegheiter for å score mål for tida. Vi scorar ikkje mål i ope spel. Vi er nær mange gongar, men vi må sette dei. Vi får ikkje mål av prestasjonar vi gjer ala det målet vi slepp inn i dag, seier Rognsø. At laga rundt Florø på tabellen også taper tek han ikkje vidare notis av.

– Vi har eit for dårleg poengsnitt per no. Vi har nedrykkstempo deluxe og det må snu, seier Rognsø og meiner det ikkje er grunn til å klage over at dei taper kampen.

– Vi kan ikkje gå i koma i 20 minutt og tru at vi skal kunne ta poeng borte mot Tromsdalen, avsluttar han før han gjekk om bord i flyet sørover. 

Kampfakta:

Tromsdalen - Florø 1-0 (0-0)

TUIL - Arena

Tribune: ca 350

Mål: 1-0 Håkon Kjæve (51. min)

Dommer: Marius Hansen Grøtta, Malmefjorden IL

Gule kort: Martin Hollevik, Florø,

Florø: Frenderup, Lindquist, R. Hove, Gjermundstad, Hollevik, Jeggo S. Aase, P. Aase, Benmoussa (Ndour 70. min), Hovland (Ryland 60. min), Kupen.  

Obosligaen 12. runde

Kongsvinger - Levanger 0-1

Start - Strømmen 0-1

Bodø/Glimt  - Jerv 4-0

Fredrikstad - Elverum 4-0

Mjøndalen - Ull/Kisa 3-1

Sandnes Ulf - Ranheim 2-0

Tromsdalen - Florø 1-0

Åsane - Arendal 2-2

Artikkeltags