Leia til pause, rota det bort i andre

SKJØNER IKKJE: - Eg begriper ikkje kva som skjer med oss i dag, prestasjonen er ubegripeleg dårleg, seier hovudtrenar i Florø Fotball, Terje Rognsø

SKJØNER IKKJE: - Eg begriper ikkje kva som skjer med oss i dag, prestasjonen er ubegripeleg dårleg, seier hovudtrenar i Florø Fotball, Terje Rognsø Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

- Eg kan ikkje tru det eg ser i dag.

DEL

Florø - Elverum 1-1 – Eg gruar meg til å komme heim og gå gjennom denne kampen i kveld, fortalde ein skuffa Terje Rognsø etter at Florø rota bort 1–0 leiinga dei hadde etter første omgang mot Elverum. For det vart som den første heimekampen mot Jerv. Dei leia 1-0 etter første, men klarte berre eitt poeng til slutt. 

SCORA: Peter Aase jublar etter sin første Obos-scoring

SCORA: Peter Aase jublar etter sin første Obos-scoring Foto:

Status for begge laga etter kampen i Florø og 5. runde av obosligaen 2017: Dei har til gode å vinne.

Og alt låg til rette for tre poeng på heimebane. Peter Aase stakk igjennom etter at Rashad Mohammed vart felt som siste mann. Dommaren brukte fordelsparagrafen. Åleine med keeper gjorde Florø sin bestemann ingen feil. Det var fire minutt før pause og heimelaget gjekk i føringa. Dei 1100 på stadion kunne gå i pølsekø med tru på at Florø skulle ta sin første siger. Men nei.

Andre omgangen var berre fem minutt før ein kjenning ifrå Nest-Sotra i fjor, svenske Adnan Cirak, takka og bukka då begge midtstopparane til Florø ikkje lukkast med klareringa og det stod 1–1.

No vippa kampen på nytt, men Rognsø ville gå for alle poenga. Fem minutt etter utlikninga bytta han ut Benmoussa og fekk inn Florø ynglingen Endre Kupen til stormande jubel på Florø stadion.

Kupen kom inn

– Eg fekk med meg den, veldig kjekt seier Kupen som meinte det var lite å rope hurra for. Men han hadde ein fin pasning som Oliver Rotihaug ville sett om han hadde fått foten på ballen.

– Det var ikkje mange ballar som kom fram til meg, påpeika Kupen. Med rette. For sjølv om Florø gambla framover var det mykje slurv, svake duellar og upressa balltap frå heimelaget som gjorde at brodden ikkje kom. Og Elverum fekk fleire farlege kontringar som sette Frenderup i Florømålet på prøve. Etter kampen verka det på Florøspelarane vi snakka med at dei var glade for å unngå det andre tapet på rad.

– Det er klart det er viktig å ikkje tape, men etter prestasjonen vi leverer i dag så varmar det eine poenget lite, kjem det frå ein tydeleg skuffa Rognsø som ikkje har svar på kvifor tempoet fell og at laget ikkje sjølvtilliten er til stades etter at dei har gått opp i leiinga.

Prestasjonen er utruleg skuffande. Eg trur rett og slett ikkje det eg ser i dag

Hovudtrenar for Florø fotball, Terje Rognsø

– Vi får kampen inn i vårt spor. Vi får store rom og spele i då Elverum er offensive mot oss, men vi klarer berre ikkje å utnytte det. Vi får også ekstreme kontringar mot oss. Kvifor vi står fram slik, det har eg ikkje svaret på no. Men det eg ser er rett og slett ikkje til å tru, kjem det frå Rognsø.

Kollektivt løft

Ein som var nøgd med andre omgangen, men også skuffa for at dei ikkje tok alle tre poenga ut frå sjansane dei skapte, var Elverum-trenar Tore Fossum.

– Vi var samde i pausen at vi ikkje skulle falle saman, men løfte kvarandre som lag i andre. Det er fort at vi blir for passive og at enkelte tar litt vel stort ansvar når vi ligg under, og det lukkast vi med. Men eg er skuffa over at vi ikkje vinnar i dag, seier Fossum.

Storscoraren

SCORA: Adnan Cirac, scora Elverum sitt andre mot Florø.

SCORA: Adnan Cirac, scora Elverum sitt andre mot Florø. Foto:

Adnan Cirak scora Elverum sitt einaste mål i kampen, og det andre til Elverum på dei fem første kampane. Han brende ei straffe på stillinga 1–0 til Bodø/Glimt på Aspmyra etter 60 minutt, der gutane frå skogen tapte 5–0 til slutt. Men etter ekte hat-trick mot Flisa i cupen der dei vann 6–0 fekk Cirak målteften tilbake.

– Det er godt å score mål, og sjølv om det var svak motstand i cupen er det godt å vinne, seier han. Cirak var suveren toppscorar i PostNord-ligaen då han fekk melding frå trenarteamet på Sotra at han ikkje kom til å bli satsa på. Skulle vi legge scoringsformen Cirak viste for dei grøne til grunn, ville han kanskje spelt for Nest-Sotra mot Elverum i dag.

– Ja, hadde eg ikkje levert for Nest ville det vore noko anna, men eg bøtta jo inn mål. Så då var saka klar, seier Cirak som ville bort. Men han ville ikkje berre ha eit halvtårs kontrakt. I Elverum fekk han to år, og fem svenskar som lagkameratar. No trur han at Elverum kan klatre.

– Vi har hatt tøffe bortekampar i Sandnes og Bodø, men fekk eit stygt 0–3 mot Ull/Kisa heime sist. Men poeng i Florø er ok. Det er 25 kampar igjen så vi kjem til å heve oss. I Florø blir det tøft for alle laga i ligaen å ta poeng, avsluttar Cirak.

Debuterte

DEBUTERTE: Truls Hovland frå Årdal, fekk sin debut mot Elverum.

DEBUTERTE: Truls Hovland frå Årdal, fekk sin debut mot Elverum. Foto:

Truls Hovland frå Årdal fekk sin Florø-debut mot Elverum.  Han meinte også at det viktigaste var at dei ikkje tapte for jumboen Elverum. Hovland har vore skadd sidan han kom til Kystbyen og er glad for at han endeleg kan sleppast ut på graset igjen. 

- Eg kjenner litt smerter i ankelen, men med gradvis matching framover så skal det bli bra, seier Hovland. Han fortel han berre tenker Florø no og har ikkje tankar for å returnere til Sogndal.

- No og neste sesong handlar alt om Florø, seier han. Hovland meiner sjølv han er best på kant, men seier han speler der han blir plassert.

Han var også nær ved å bli byhelt i debuten då han prøvde å lobbe på Elverum-keeperen på tampen, men treffet var ikkje heilt innstilt.

5. runde OBOS-ligaen

Mjøndalen – Kongsvinger 5 – 1

Florø – Elverum 1 – 1

 Jerv – Levanger 2 – 2

Ranheim – Åsane 2 – 1

Sandnes Ulf – Tromsdalen 2 – 0

Strømmen – Arendal 1 – 0

Ullensaker/Kisa – Fredrikstad 2 – 1

Tabellen

1. Ullensaker/Kisa 5 4 1 0 11 4 +7 13      
2. Ranheim 5 4 1 0 7 3 +4 13      
3. Mjøndalen 5 3 2 0 12 4 +8 11      
4. Bodø/Glimt 4 3 1 0 10 3 +7 10     
5. Start 4 3 1 0 10 3 +7 10     
6. Sandnes Ulf 5 3 1 1 5 4 +1 10      
7. Strømmen 5 2 1 2 3 4 -1 7      
8. Tromsdalen 5 1 2 2 6 7 -1 5      
9. Levanger 5 0 4 1 5 6 -1 4      
10. Florø 5 0 4 1 3 5 -2 4      
11. Åsane 5 1 1 3 6 9 -3 4      
12. Arendal 5 1 0 4 5 7 -2 3      
13. Fredrikstad 5 0 3 2 4 6 -2 3      
14. Jerv 5 0 2 3 4 9 -5 2      
15. Kongsvinger 5 0 2 3 5 12 -7 2      
16. Elverum 5 0 2 3 2 12 -10 2  

Artikkeltags