Difor er det vinn eller forsvinn for Florø Fotball på søndag

BERRE NESTEN: Allioune "Badou" Ndour og Christer Husa pressa på, men klarte ikkje å forhindre nyopprykka Notodden til å ta alle poenga frå Florø stadion i vår. Søndag møtest laga igjen, og Christer Husa er ute med gule kort.

BERRE NESTEN: Allioune "Badou" Ndour og Christer Husa pressa på, men klarte ikkje å forhindre nyopprykka Notodden til å ta alle poenga frå Florø stadion i vår. Søndag møtest laga igjen, og Christer Husa er ute med gule kort.

Florø må skvise ut det siste av sitronen i bluesbyen.

DEL

Søndag speler Florø ein kamp om å overleve i Obosligaen. Etter at Florø tapte på overtid heime mot Åsane har ikkje Florø Fotball lenger kontroll sjølve over kva nivå dei speler på neste år. Søndag klokka 12.00 starter kampen dei må vinne.

Slik er situasjonen:

Det beste Florø kan håpe på er kvalifiseringsplassen. Målskilnaden Florø har i høve til Åsane og Notodden er så mykje dårlegare at med lik poengsum vil Florø komme tapande ut.

Vi må vinne kampen på søndag, det som skjer etter kampen er heilt uvesentleg no

Terje Rognsø, Hovudtrenar Florø Fotball

Florø må vinne borte mot Notodden. Dei kan ikkje klare seg med uavgjort, då vil Notodden-tap mot Sogndal på Fosshaugane i siste runde og Florøsiger mot Mjøndalen heime 11. november ikkje vere nok. Florø kan faktisk ryke ut sjølv om dei skulle vinne både mot Notodden no søndag og Mjøndalen 11. november om Notodden slår Sogndal i siste runde. Då vil Florø rykke ned sjølv om dei har kapra sterke 33 poeng.

Alle slår alle

SKUFFA: Han har klart å heve Florø i haust i høve til i fjor, men er det nok? No er Florø avhenge av at Notodden snublar på oppløpet. Dei to laga møtest i Telemark søndag.

SKUFFA: Han har klart å heve Florø i haust i høve til i fjor, men er det nok? No er Florø avhenge av at Notodden snublar på oppløpet. Dei to laga møtest i Telemark søndag. Foto:

Det årets sesong har vist oss er at alle slår alle.

Florø var heldige i siste minutt borte mot Levanger. Dei var uheldige i siste minutt heime mot Åsane. Florø har vore betre enn både Åsane og Notodden i haust, men poengfangsten i vår og sommar har vore så dårleg at dei no kavar i botnen.

Notodden har ein tøff kamp mot eit av dei sterkare laga borte i siste runde (Sogndal på Fosshaugane). Florø har Mjøndalen heime. Om Mjøndalen slår Viking heime søndag er dei allereie klare for Eliteserien 2019 i det dei møter Florø. Det burde normalt sett vore gunstig, men Florø slo Mjøndalen både borte og heime i fjor. Hadde Mjøndalen vunne dei kampane hadde dei brune spelt i eliteserien i år. Og laget frå Nedre Eiker lever nok ikkje godt med å aldri å ha slått Florø over fire kampar i Obosligaen.  

Sogndal kan ikkje håpe på noko anna enn playoff uansett, og har i praksis lite å spele for mot Notodden i den siste runden. Slik kan kritikarar kunne peike på at Sogndal vil ønske å sende veslebror ut av Obosligaen med tap i siste runde. Men før vi kjem så langt, kan Florø vere ute av dansen allereie søndag.

– Vi må begge vinne

Terje Rognsø har ein tanke i hovudet før kampen på søndag. Det er siger.

– Vi må vinne, og slik det ser ut må Notodden også vinne for å unngå kvalifiseringsplassen, seier Rognsø.

Det betyr at det blir to lag som må tore å vere offensive søndag.

Rognsø må klare seg utan venstrebacken sin Christer Husa som soner for gule kort. Moses John Dyer, som vann for Florø i Levanger, er også usikker etter ein kjenning i ein ankel. Dei møter eit lag som var tabelleiande etter fem rundar, men har resten av sesongen slite med å score mål. I haust har dei levert dårlegare enn Florø., men no er det vinn og forsvinn og då handlar oppgjeret kanskje mest om kva karakter du har i laget.

Vanskeleg laguttak

– Eg grublar over laguttaket til denne kampen, og er ikkje heilt i mål. Det handlar om kor offensive vi skal vere frå start, eller om vi skal vere det undervegs, svarar Rognsø.

Han vil ikkje kommentere kva, om, og viss dei vinn, kva som då skjer i neste runde.

– Vi må først vinne denne kampen. Den neste tek vi etterpå, strekar han tydeleg under.

I Telemark søndag må Florø vere offensive i hovudet. Det kan kanskje slå positivt ut for dei svarte og blå. For som trenaren har nemnt fleire gongar i år, så har laget hans tenkt for mykje konsekvens og har våga for lite med ball. No har dei kniven på strupen. Tre poeng eller Post-Nord-ligaen 2019.

Artikkeltags