Florø vart hardt straffa

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Florø gjekk på sitt første tap heime og sitt andre tap på rad i ligaen. Det av eit lag som minner om Florø i fjor. Notodden låg bak og kontra, og dei var effektive. Drepande effektive.

For det var Florø som starta best. Dei pressa gjestane frå Telemark bakover, men dei får ikkje krona angrepa sine med mål. Men etter 22 minutt burde Florø vore i føringa. Badou er vaken i det den svenske Notodden-keeperen Jonathan Johansson er på jakt etter bær i florølyngen. Badou har ballen og kan skyte på ope mål, men bak Johansson blir det fylt opp av kvite spelarar som hindrar den svake avslutninga i å gå i mål.

0–1

Og så kom målet i mot. Mot spelets gang. Dødball der Erlend Hustad på bakarste stolpe sender gjestane i leiinga. No vart det høge skuldrer på florøspelarane resten av omgangen. Dei kom ikkje kom nærare enn eit skot frå 20 meter av Peter Aase. Det gjekk høgt over.

Heimelaget hadde tydeleg tenkt å reise kjerringa i 2. omgang. Dei går offensivt ut, kjem til gode sjansar, men Notodden er kompakte og får rydda unna gong etter gong.

0–2

Notodden står tett som eit kavaleri med leiing på bortebane og berre ventar på overgangane. Og ti minutt inn i andre skal Erik Midtgarden-show starte. Notodden kjem seg frå på høgresida og legger inn til Midtgarden som får gå opp upressa på bakarste stolpe. Han heddar lekkert inn 0–2 bak ein sjanselaus Frenderup.

0-3, ei perle

PERLE: Erik Midtgarden scorar sitt andre og Notodden sitt tredje på eit vakkert frispark.

PERLE: Erik Midtgarden scorar sitt andre og Notodden sitt tredje på eit vakkert frispark. Foto:

No må Florø må framover, men dei henger ikkje saman bakover. Cuphelten frå Pors-kampen i midtveka Akinbola Akinyemi, som mange hugsar frå tida han var i Nest-Sotra, blir felt kontant på 18 meter. Erik Midtgarden utfører frispark-kunst i det han bøyer ballen over florømuren til 3–0. Rett og slett ei perle.

Redusering

Det er den kontante måten Halvor Solheim-Olsen smeller inn reduseringa på ti minutt etter som gjer at det blussar opp eit håp i Florø igjen. Men sjølv om Florø kjem seg rundt på kantane til fine innleggsposisjonar, så får dei ikkje avslutta, dei klussar det til og skapar brot og kontringar i mot. Ti minutt før slutt er det over. Frenderup feller Hustad i det han prøver å sette sitt andre. Straffe, og det er klart for Erik Midtgarden sitt tredje. 1–4 blir sluttresultatet. Notodden toppar tabellen med like mange poeng som Aalesund og har enno ikkje tapt på dette nivået. 

Det er ein skuffa Terje Rognsø vi møter etter kampen. Han hadde ein dårleg inngang til kampen med skade på kaptein Vegar Gjermundstad. For dette var ein kamp Florø måtte styre. Då hadde dei to stopparane vore viktige.

 – Eg synest vi speler oss til gode posisjonar, men det er presisjonen på avslutninga som ikkje er god nok. Den siste tredelen av angrepet som manglar. Der må vi ha betre timing. Vi må vere kaldare med ball og time løpa våre betre, seier han. Han er samd då det blir trekt ein parallell til korleis Florø herja på bortebane i periodar i fjor.

– Vi slit med å styre kampen mot eit lag som ligg kompakt og skal kontre på oss. Det gjer til at det blir veldig trongt i boksen og då er det lett å bli for heit i toppen og utolmodig. Men all honnør til Notodden. Det positive for oss er at vi kjem oss til gode posisjonar, gode legg og eg skal heller ikkje seie noko på innsatsen. Men det er derifrå til «the end product» som ikkje har god nok kvalitet, seier Rognsø.

17-åring frå start

SKUFFA: Halvor Solheim-Olsen scora, og Torje Naustdal (17) spelte frå start, men det betydde ingenting når dei gjekk av bana med tap.

SKUFFA: Halvor Solheim-Olsen scora, og Torje Naustdal (17) spelte frå start, men det betydde ingenting når dei gjekk av bana med tap.

Torje Naustdal (17) spelte ifrå start og fekk mange ballar å jobbe med. Men det vart kanskje vel sikre løysingar på ungguten. For han var bortimot feilfri i det han gjorde. Han gav også ein susande takling av Akinyemi som gjorde at han måtte sjå det gule.

– Veldig stas å få starte og eg er godt nøgd med jobben eg gjorde, men det betyr ingenting no, sa Naustdal etter 1–4 tapet.

Halvor Solheim-Olsen meinte også Naustdal gjorde sine saker bra. Sjølv fekk opna målkontoen sin i Obos for året, men var som Naustdal skuffa over tapet.

– Eg meiner det er for billege mål vi får imot. Her må vi skjerpe oss. Notodden er eit lag vi skal ha kontroll på heime, slår Solheim-Olsen fast. Med rette.

For åtte mål i mot på dei to siste kampane er langt frå godt nok. Det knirkar i ramma med både Hove og Gjermundstad ute samtidig. Søndag skal Florø til Myrdal og Åsane og prøve å revansjere tapet frå i fjor. Poeng borte må til skal dei komme på skinnene igjen.

Artikkeltags