Fordi det er kjekt vel..?

Den store sykkeldagen

Den store sykkeldagen Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Desse jentene har dommen klar når dei blir spurt om kvifor fleire burde tørke støvet av sykkelen.

DEL

Laurdag vart Den store sykkeldagen arrangert i Florø sentrum. Arrangementet er eit samarbeid mellom Florø Cyckleklubb, Sparebanken Sogn og Fjordane og Byen vår Florø. Dei som tok med seg syklane sine til byen laurdag kunne prøve seg på eit rebusløp, hinderbane på Torget, konkurrere i Konglerittet, eller sjå russen hive seg på sykkelsetet og suse gjennom Strandgata. Sykkelklubben hadde samstundes bod på Torget der dei selde lappar og saft, og var klare med tips og triks til dei sykkelinteresserte. Det var samstunes hjelp å få av politiet som var på plass for å sjekke at sykkelsikkerheita var i toppform for våren.

- Ho har sykla siden ho var baby

På plass var mellom anna Hanna Nes Ramsdal (11), Hedda Nes Ramsdal (9), Hedda Stigen (8) og Nora Søvig Husevåg (11). Dei fire jentene hadde alle med seg blanke syklar og deltok i det som var av aktivitetar. Både Hanna, Nora og Hedda Nes Ramsdal er medlem av sykkelklubben, og nyttar syklane sine så ofte dei kan.

- Vi køyrer nesten aldri bil. Vi berre syklar overalt. Det er så enkelt og er noko alle burde gjere, seier Hanna Nes Ramsdal bastant.

Jentene er alle samde om at sykkel er det kjekkaste ein kan drive med.

"Eg har sykla nesten sidan eg var lita jente" seier Hedda før storesøster Hanna bryt inn "du har jo sykla siden du var baby. Først som passasjer og så som syklist". Om kvifor jentene brukar så mykje tid på to hjul er dommen rask og kontant: "Fordi det er kjekt vel...?" slår dei unge syklistane fast med ei noko oppgitt mine over at det går ann å spørje om noko så dumt. 

Hanna legg til at sykkelklubben og sykling er opent for alle.

- Vi har medlem frå smårollinga. Og veit du kva? Den eldste er faktisk over 50 år, seier Hanna med store auge.

Matbokspremiering


Det tradisjonsrike Konglerittet for dei minste gjekk knirkefritt av stabelen. Omtrent fem minutt tok det 200 meter lange løpet. Ved målstreken stod regionbanksjef Ole Aukland frå Sparebanken Sogn og Fjordane klar for å dele ut ein matboks som premie til dei  unge iherdige syklistane. Etter virrvarret av matboksutdeling og små jubelbrøk når hjula kryssa målstreken var over, var det florarussen som skulle konkurrere. Det var riktignok betrakteleg færre syklar i sving, men stemninga var på topp.


Strålande sol og 200 deltakarar

Dei to førre arrangementa fekk ekte vestlandsvêr over seg med det som høyrer med av regn, sur vind og sludd. I helgane var arrangørane heldigare, då til og med sola keik fram frå bakom skydekket titt og ofte. Det var nok eit medverkande faktor til det store oppmøtet i sentrum mellom 11:30 og tre. Nærare 200 deltakarar prøvde seg på rebusløpet som Byen Vår Florø hadde stelt i stand for dagen.

- Vi er veldig glade for oppmøtet i dag, seier Barbro Furset i Byen Vår Florø.

Artikkeltags