NAV stoppa pensjonen og kravde bevis på at han var levande

Ove Wiik.

Ove Wiik. Foto:

I august stoppa plutseleg NAV pensjonen og dei kravde at Ove Wiik leverte ein attest på at han var levande.

DEL

– Eg har aldri høyrt om leveattest før. Ikkje har eg fått den i postkassa mi heller. Det har vore eit veldig styr for å ordne opp i dette. Det kjennest som eit overgrep frå byråkratiet i Oslo å stoppe pensjonen min på eit så syltynt grunnlag. No ønsker eg å åtvare andre som kanskje opplever det same, seier den høgst levande 80-åringen.

Det kan vi garantere. Han humrar, flirer og ristar på hovudet av byråkrati- blemma. 

Thailand

NAV Pensjon Utland sende for ei tid tilbake brev til ei adresse i Thailand med krav om utfylling av ein leveattest.

– Eg har aldri budd fast i Thailand, men var på ferie der i tre veker for 16 år sidan. Korleis dei skulle finne på å sende brev til meg i Thailand forstår eg ikkje. Eg har budd fast i Askvoll og motteke trygd som normalt. Etter at kona mi gjekk bort, flytta eg til Florø, sidan eg har tre søner som bur her. 

Wiik prøvde å ringe til NAV Utland sjølv, men blei møtt av eit telefonsystem der han aldri kom fram til nokon som kunne svare han. Til slutt fann han ut at han ville søke hjelp hos NAV lokalt.

Hjelp lokalt

– Ein veldig grei sakshandsamar hos NAV Florø tok saka og ringde til NAV Utland for meg. Etter ein god del venting kom vi endeleg fram til rette vedkommande. Etter å ha referert til saksnummeret måtte vi vente lenge endå ein gong før saksbehandlar fekk leite fram saka. Eg gav opp personnummer, bankkonto og adresse for saksbehandlar, som då måtte vedgå at noko hadde gått heilt feil hos dei. Eg takka no pent for hjelpa, men må vedgå at eg ikkje meinte det fullt ut, humrar Wiik.

Han fekk eit par dagar seinare eit NAV-brev i posten, der dei beklaga feilen.

– Dei unnskyldar seg og viser til paragrafar. Dei har ikkje eg peiling på. Dei kunne godt ha gitt med ei forklaring på kva som har skjedd. Dei har hatt personnummeret mitt heile tida og då ville det vere ei smal sak å sjå at eg har budd fast i Norge heile tida og at eg no har adresse Strandgata 45.

Tausheitsplikt

Firdaposten tok kontakt med NAV for eit tilsvar. Seniorrådgjevar i kommunikasjonsavdelinga, Tone Katrin Dehli, viser til at dersom dei skal svare konkret på denne enkeltsaka, så må tausheitsplikta opphevast ved utfylling av eit eige skjema hos Ditt Nav. I dette konkrete tilfellet må då «avlidne» fylle ut skjemaet sjølv.  

Eit bakteppe for denne saka, er NAV sitt kontrollarbeid med norske borgarar som er busett i utlandet. Thailand og Sverige er dei landa der det er avdekt flest tilfelle med trygdesvindel. I 2017 fortalde NAV at dei i løpet av fem år melde 678 tilfelle av trygdesvindel, tilsvarande 160 millionar kroner. Størsteparten av svindlane gjeld arbeidssøkande som oppheld seg i utlandet medan dei tek imot dagpengar.

Heilt vanleg

Direktør i NAV Pensjon; Jorun Kongerud, forklarer:

– NAV hentar inn leveattestar frå fleire tusen personar kvart år . Årsaka til dette er å sikre at pensjon og uføretrygd blir betalt til rett mottakar. Desverre ser det ut til at det har skjedd ein feil i denne utsendinga. Det beklagar vi, seier ho.

Å innhente leveattest er eit kontrolltiltak som også blir utført av trygdemyndigheitene i dei fleste andre land overfor borgarar som bur i utlandet.  Målet er å redusere risikoen for feilutbetalingar i samband med dødsfall.

Artikkeltags