Plastpose stengde Naustdal-tunnelen

Stengt tunnel.

Stengt tunnel. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Objektet som vart observert i vegbana i Naustdaltunnelen var betydeleg mykje mindre faretrugande enn ein stein.

DEL

Det var ein bilist som måndag kveld varsla om det som likna veldig på ein stein i vegbana på riksveg 5 i Naustdalstunnelen.

Også entreprenøren var sikker på at det var ein stein. Heilt til han skulle plukke den opp frå vegen.

– Det viste seg å vere ein plastpose, opplyser Alarmsentralen i 23.20-tida til NRK.

Då hadde tunnelen vore stengd sidan klokka 22.42 melder Vegtrafikksentralen Vest.

Artikkeltags