NHO Sogn og Fjordane er glad for at Snorre Expansion Project (SEP) blir ein realitet og at Statoil ønskjer å vidareføre, og utvikle, Florø som forsyningsbase og helikopterterminal for Snorrefeltet.

- At SEP skal bli ein integrert del av drifta av Snorrefeltet, må også innebere at lokalisering av basetenester og helikoptertenester blir vidareført med Florø som lokasjon for heile Snorreområdet. At betydeleg aktivitet blir kopla til Florø i samband med utbyggings- og modifikasjonsfasen av SEP er også svært viktig.

Stang viser til at det er avgjerande for det petromaritime miljøet i Sogn og Fjordane generelt og Florø som baseby spesielt at SEP blir kopla til og forsterkar aktiviteten i Florø. Det har mykje å seie for leverandørindustrien og for anna kompetanse som jobbar innanfor dette segmentet. Det har også mykje å seie for aktiviteten på Florø Lufthamn, noko som igjen er avgjerande for anna næringsliv i området.

- Aktivitet skaper som kjent aktivitet, påpeikar han.

I tillegg har ei vidareføring og vidareutvikling av Snorre-området mykje å seie for oppretthalding og vidareutvikling av bachelorstudiet i subsea-/havromsteknologi i Florø, gjennom Høgskulen på Vestlandet. Dette er eit studietilbod som også Statoil har vore med på å etablere.

NHO viser også til at elektrifisering av olje- og gassinstallasjonar med landstraum har vore ei politisk målsetjing. Skulle ei slik elektrifisering bli aktuell i høve Snorreområdet, bør ein ha som målsetjing at krafta skal hentast ut frå Sogn og Fjordane, i samråd med dei relevante kraftselskapa.   

Stang understrekar at Statoil er eit selskap som viser samfunnsansvar på mange områder. Det at ein no etablerer SEP og vidarefører og utvidar satsinga på Florø som lokasjon for basetenester og helikopterterminal, er eit viktig bidrag i så måte. Dette kjem fram i NHO Sogn og Fjordane sitt høyringssvar til OED og Statoil.

LES OGSÅ: