– Merkar lite til streiken førebels

Geir Johannessen- adm.dir i INC Invest.

Geir Johannessen- adm.dir i INC Invest. Foto:

– Men vi følger situasjonen tett og på sikt kan det få konsekvensar for oss.

DEL

Det seier dagleg leiar Geir Johannessen i INC Invest i Florø. Det er ferieavvikling for tida, men aktiviteten går som normalt.

– Vi merkar at det er litt mindre utskiping til riggane. Men vi har ingen problem med å sysselsette våre folk på Fjord Base per i dag. Dersom streiken skulle bli langvarig, må vi sjølvsagt vurdere premitteringar og omplassering av arbeidstakarar, understrekar han.

Han reknar med at utskiping av forsyningar til boreriggar stoppar opp om streiken held fram.

Vest Base si avdeling i Florø merkar litt nedgang i aktivitet, men det får ingen konsekvensar for det daglege arbeidet på kort sikt.

– Vi følger situasjonen, men reknar ikkje med nokon stor endringar, fortel Sture Haugen ved Vest Base sitt hovudkontor i Kristiansund.  

I følge Sysla.no er 1550 arbeidarar på norsk sokkel i streik, som er sett i verk etter at Safe og Rederiforbundet ikkje kom nærare semje om ny tariffavtale søndag. Konflikten handlar om løn og pensjon. Safe meiner Rederiforbundet vil svekke ei gåvepensjonsordning riggarbeidarane har i dag, og at dei har hatt dårlegere lønsutvikling enn andre oljearbeidarar, melder NRK.

Dei to andre fagforbunda i bransjen, Industri Energi og DSO har takka ja til lønsoppgjeret i vår. Fagforeininga Safe blir skulda for å drive hasardsspel med ei riggnæring som har lege nede på grunn av oljekrisa dei siste åra.

Snorre A og  B-plattforma, Visund og produksjonsskipet Petrojarlknarr er blant dei som er råka av streiken. Totalt er 28 installasjonar råka.

Artikkeltags