Kraftig røykutvikling på Snorre B utløyste evakueringsplan

Det er kraftig røykutvikling på Snorre B rett vest av Florø onsdag.

DEL

Det er ein Equinor-eigd plattform med 120 mann ombord der det no er ein pågåande aksjon.  Røykutviklinga oppstod i en separator i prosessanlegget på Snorre B i samband med vedlikehaldsstans, melder Equinor i ei pressemelding.

– Det er Hovudredningssentralen som styrer og sit med all informasjon. Om det er snakk om evakuering blir det lagt til rette for eit mottak for evakuerte i Florø. Per no har vi ikkje starta noko evakuering, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Morten Rebnord.

Kraftig røyk

Redningsleiar ved Hovudredningssentralen for Sør-Norge Nils-Ole Sunde fortel dei fekk melding ifrå plattforma 13.24. Då rapporterte dei om kraftig røykutvikling.

– Få minutt etter den første meldinga var dei uroa og bad om alle tilgjengelege ressursar, seier Sunde. Dei utalarmerte redningshelikopteret i Florø. Equinor som eig plattforma det er snakk om, har stasjonære redningshelikopter både på Tampen- feltet og på Oseberg-feltet som no står standby.

Fullt trykk på beredskap

Den siste meldinga ifrå HRS som har løpande kontakt med plattforma er at dei er i ferd med å få kontroll.

– Det er framleis full trykk på redningsberedskapen og alle ressursar er klare om situasjonen skulle utarte seg, seier redningsleiar.

Det er Equinor som styrer operasjonen, og Hovudredningssentralen assisterer berre Equinor i arbeidet med å koordinere tilgjengelege ressursar. Tre fartøy frå Forsvaret sette også kursen mot Snorre B då meldinga om røykutviklinga kom.

Etter det Firdaposten kjenner til er det Snorre B det er snakk om.

Siste: Ved 17-tida blir det meldt at plattformarbeidarane som først gjekk i livbåtane, no skal vere tilbake i bustadkvarteret og at ting normaliserer seg. Ingen personar har kome til skade under hendinga.

Artikkeltags