Her omlaster tilsette på SAR plast og papir frå sone 4 i kontainere før det blir sendt til Norsk Gjenvinning i Førde.
Tarjei Langeland

Søppelreisa

Vi plukkar plast. Vi skyl og vaskar glas og metallboksar, og vi sorterer matavfallet vårt som best vi kan. Men kvar blir florøbosset av til slutt? Bli med på ei søppelreise frå heilt i vest - og ut i den store verda.
Publisert

Det er februar 2017: Ein gåsenebbkval driv i land på Sotra. Zoologar frå Universitetet i Bergen finn 30 plastposar i magen til dyret. Nyheita sette djupe spor i mange av oss. Den majestetiske, sosiale og mytiske kvalen har det med å få fram både det beste og verste i folk. Når Strandryddedagen for sjuande året blir arrangert i Flora nokre månader seinare, har plast i havet blitt eit begrep. Mobiliseringa er langt større enn tidlegare. På grunn av ein kval.

I Flora kommune vert ein konteinar sat opp på Fugleskjærkaia for å ta i mot plast samla inn i strandkanten av gode hjelparar, og etter kvart som Hold Norge Rent-aksjonen held fram, blir heile 25 konteinarar fylt opp med havplast. Igjen på grunn av ein kval.

Men når alt er samla inn og du har gjort jobben som miljømedviten konsument: Kva skjer eigentleg vidare?

Vi agerer basert på verdiar vi har og kunnskapen vi har skaffa oss. Vi stoler på at så lenge vi gjer vårt beste, så er det godt nok. Men er det eigentleg det? Eller er du av dei som trur at alt går i same konteinar og deretter blir brent? Visst eg nemner stad som Sarpsborg, Odda, Tyskland, Nederland, Ålesund og Linköping i Sverige tenker du kanskje på fotball, og ikkje nødvendigvis boss, men det er altså slike plassar Florø-søppelet ender opp.

Etter at du har sett frå deg søppeldunken til henting.

Torsdag 18. mai. Flora kommune sin to kammers bossbil er ute på runden sin i sone 4. Når ruta er køyrt ferdig på tidleg ettermiddag, er det tid for levering hos SAR på Botnastranda.

Bengt Bauge, Frank Fanrem og Christian Lundberg med Flora kommune sin nye bossbil.

Bengt Bauge, Frank Fanrem og Christian Lundberg med Flora kommune sin nye bossbil. Foto:

- Vekta viser 6,9 tonn, konstaterer renovasjonsmedarbeidar Bengt Bauge, med ti års erfaring på bilen.

For kommunen er bossinnsamlinga eit økonomisk nullspel. Renovasjonsavgifta dekker utstyr, løn til dei tilsette og kontrakten dei har med SAR. Enkelt og greitt. Matavfallet blir sendt til Purkehola. Men der komposteringsanlegget ved Helgøya tidlegare var endestogg, er dette no berre ein transit. Her startar nemleg ein omlasting, og matavfallet startar ei ny reise. Til Odda i Hardanger.

15.600 tonn

Kvar månad tek SAR i mot rundt 120–150 tonn restavfall og 40–50 tonn papir og plast frå husstandane i Florø. Om vi anslår at dette er ifrå rundt 8000 menneske som bur innanfor sonene, og vi legg oss midt mellom ytterpunkta av tala, så blir dette 22,5 kg per person i månaden. Flora kommune tok i tillegg i mot 708 tonn matavfall i 2016, noko som gjer at gjenomsnittet når 30 kg.

Likevel er dette langt ifrå hovudkjelda til søppel for renovasjonsbedrifta. Den kjem først og fremst frå offshorenæringa. I fjor tok dei i mot og sende vidare totalt 15.600 tonn avfall. I tillegg til dette har mange innan næringa i Florø eigne system for søppel og gjenvinning. Den totale mengda kan ein berre spekulere i.  

Det er ei næring i vekst, men SAR har fått føle på nedgangen i oljenæringa. Dei har no 20 tilsette, mot 30 i 2015.

– Det går mellom tre til fem trailerlass ut herifrå i veka, seier Geir Westbø Olsen i SAR.

Eit plast-hav klart til henting: Geir Westbø Olsen fra SAR foran flatpakka plast frå husstandane i Florø.

Eit plast-hav klart til henting: Geir Westbø Olsen fra SAR foran flatpakka plast frå husstandane i Florø. Foto:

Ifølge avdelingleiar Lars Petter Sundal har dei ein avtale med Geminor, som ordner med transport og levering til forbrenningsanlegg.

– Papiret og plasten sendes kvar for seg til Norsk Gjenvinning i Førde, der avfallet vert  pressa i buntar. Papiret sender Norsk Gjenvinning til materialgjenvinning. Plasten blir meld inn til Grønt Punkt, som ordner med transport og levering til Tyskland, seier Sundal.

Les meir om kva Grønt Punkt gjer med plastavfallet vårt: Plastemballasje frå hushaldningar

EL-avfall og klede

– To konteinerar i veka i snitt, og det tilsvarer rundt 10 tonn. Dei seier litt om volumet. Det er utrulege mengder, konstaterer Torleif Hjermann i Nærtenesten.

Han fortel engasjert om bedrifta og påpeiker at mykje av det dei tar inn av el-avfall går til gjenbruk og resten til gjenvinning, og legg til:

– Kjøleskap og fryseboksar varer jo ganske lenge, men mange hushaldningar har ofte fleire av kvar enkelt. Og du byter jo ut mobilen etter eit par-tre år og skiftar ut TV-en ofte. Slik er det.

– Visst ein stor del av el-avfallet blir gjenvunne, så fungerer det jo dette eigentleg bra, meiner Hjermann.

Det er fleire aktørar som handterer el-avfall i Flora. Nærtenesten er ein dei. Bedrifta er eigd av Flora kommune og er involvert i mykje. Dei har 16 ordinært tilsette og 16 personar i varig tilrettelagt arbeid via Nav. Tre-fire av desse jobbar med avfall. Fem årsverk om ein inkluderer bruktbutikken. Når det kjem til avfall, køyrer dei rundt dagleg og innhentar søppel frå eit lite utval smånæringar i Florø. Mykje av det ender opp hos SAR, medan el-avfallet legg ut på ei heilt eiga reise: Til Revac AS i nærleiken av Tønsberg.

– Folk kan kvitte seg med det dei måtte ønske på gjenbrukstasjonen, og om det er av god kvalitet set vi det ut i bruktbutikken og sel det vidare. Det er jo «Rolls-Roycen» i korleis det bør fungere. Det er ultra-lokalt, slår Hjermann fast.

– Storbosset blir i så måte rein galskap for det er så lett å kvitte seg med ting som heller skulle enda opp her, oppmodar han.

Hjermann meiner at det å styrke bruktbutikken og ta gjenbruk på alvor er utruleg viktig for å utnytte ressursane godt, og poengterer:

– Tenk for eksempel på våre nye landsmenn. Dei kjem ofte gåande og syklande ut hit og kjøper brukte ting til ein god pris. Og har du nokon gong levert klede i ein av Freetex sine konteinarar? Det er det Nærtenesten som hentar før det blir omlasta og sendt ut på tur: Og turen går til Bergen.

Etter å ha blitt kursa i gjenbruk og gjenvinning viser Trond Høidal 5-klassingane frå Krokane skule rundt på gjenbrukstasjonen.

Etter å ha blitt kursa i gjenbruk og gjenvinning viser Trond Høidal 5-klassingane frå Krokane skule rundt på gjenbrukstasjonen. Foto:

Storbosset

Storbosset er ein institusjon i Flora kommune, rett nok omdiskutert og tidlegare nedleggingstruga. Tre lastebilar, bemanna med to eller tre personar og ofte med ein følgebil, køyrde rundt og samlar totalt inn totalt 300 tonn boss rundt månadsskiftet april-mai kvart år. Det blir sortert og sendt vidare. Kor hen veit ikkje distriktssjef i Norske Gjenvinning Stig Aamelfot nøyaktig, men han nemner Bergen, Eidsiva og Linkøping som typiske destinasjonar for restavfallet, medan papir og plast ofte ender opp i Tyskland og Nederland.

– Eg trur folk er godt opplyste. Eg har ikkje fått opplysningar om at det har vore farleg avfall eller elektroniske artiklar på bosset. At folk går igjennom det og plukkar litt må ein vel rekne med.

Eit forbrenningsanlegg i mindre skala er sikkert mulig å drifte her, men om dette er lønsamt er eg usikker på. Skal ein opp med eit større anlegg, tilsvarande Bergen, vil avfallsmengda i fylket vere for liten.

Lasr Petter Sundal, avdelingsleiar hos SAR Florø.

- For SAR ville nok inntekta frå storbosset ikkje betydd mykje, og stått for så lite som 0,5% av vår omsetning. Men ordninga med miljøstasjoner ser ut til å fungere for dei fleste andre kommunar. Det hadde gjort slutt på at «bruktbutikken» blir flytta ut i gata og bosset blir spreidd utover, poengterer Sundal.

Men miljøperspektivet er samansett: Ein kan jo spørje seg om det er betre med tre bilar som hentar alt på nokre dagar, eller om 8000 florøværingar tar turen inn til Botnastranda?

Miljøpartiet Dei Grøne

På spørsmål om kva han syns om storboss-ordninga seier MDG-politikar Martin Malkenes at det er greitt at folk har ein moglegheit til å bli kvitt ting, slik at det ikkje dukkar opp som "villsøppel" på stader det ikkje skal:

– Det er jo ikkje alle som har moglegheit til å få ting køyrt inn på SAR. Slik sett er det ein god ting, men MDG kunne tenke seg ei betre ordning i form av ein miljøstasjon. Når det er sagt så viser storbosset fram eit stort konsum. For partiet vårt handlar det meir om ei systemendring der vi sluttar å lage og kjøpe ting av dårleg kvalitet for så å kaste det etter lite bruk, seier Malkenes.

Eit av grepa MDG ønskjer å ta for å endre bruk og kast-haldninga, er å fjerne moms på reperasjonar.

Søppeltal

Frå hustandane pr mnd:

120 til 150 tonn restavfall

40-50 tonn plast og papir

59 tonn matavfall

40-45 tonn el-avfall tatt i mot av Nærtenesten

Totalt:

708 tonn matavfall omlasta i Purkehola

300 tonn på Storbosset

15600 tonn avfall tatt i mot av SAR i 2016

Hold Norge Rent

Miljørådgjevar i Flora Kommune, Kaja Standal Moen har fått ansvaret for strandryddinga som har pågått i vår.

– Vi fekk ein god pris frå SAR. Folk har vore fornøgde og vi har fått gode tilbakemeldingar, fortel ho.

25 konteinarar har så langt vore sett ut og blitt fylt opp. Det vesle av metall og farleg avfall som vart funne, er blitt sortert vekk og handert av SAR.

– Plasten som har ligge i havet er av dårleg kvalitet. Den gjekk ikkje til gjenvinning, men til forbrenning, forklarar Moen.

Moen understrekar at trass i at det blir gjort ein god jobb med innsamling, og at folk kan sette ting på storboss, så dukkar det av og til opp ulovleg forsøpling nokre stader.

– Vi kjem til å halde fram med dette arbeidet og ønskjer å ha fleire punkt der folk kan levere søppel.  Vi jobbar med å på plass Kystlotteriet til Sogn og Fjordane. Kystlotteriet er ei ordning via Naturvernforbundet der folk kan levere inn oppsamla søppel og bli med i trekninga av premiar, seier miljørådgjevaren.

Vi kjem til å halde fram med dette arbeidet og ønskjer å ha fleire punkt der folk kan levere søppel.

Kaja Moen Standal, miljørådgjevar i Flora kommune

Søppel - ei mangelvare?

I ei tid kor det populariteten til kortreist mat er stigande og enkelte vender tilbake til å har dyr og vekstar heime, så er det kanskje relevant å spørje seg om ein også burde prøve å få til kortreist søppel. I dag finst dei nærmaste gjenvinningsanlegga i Årdal, Bergen og Ålesund

– Eg kan ikkje uttale meg om forbrenningsanlegga i Bergen og Ålesund har kapasitet. Vi forholder oss til vår avtale med Geminor, som styrer nedstrøm fra vårt anlegg. Korhen avfallet tar vegen er like ofte avhengig av tilgjengelig transport. Når det gjelder anlegget i Årdal er det eit anlegg som bare tar unna for kommunen sitt eige avfall, altså ikkje eit kommersielt tilgjengelig anlegg.

– Eit forbrenningsanlegg i mindre skala er sikkert mulig å drifte her, men om dette er lønsamt er eg usikker på. Skal ein opp med eit større anlegg, tilsvarande Bergen, vil avfallsmengden i fylket vere for liten.

Her omlaster tilsette på SAR plast og papir frå sone 4 i kontainere før det blir sendt til Norsk Gjenvinning i Førde.

Her omlaster tilsette på SAR plast og papir frå sone 4 i kontainere før det blir sendt til Norsk Gjenvinning i Førde. Foto:

0,09 prosent - nyttelaust?

I ein artikkel i Aftenposten i 2015 kom forskar Annegrete Bruvoll frå konsulentselskapet Vista med ein analyse med nokre overraskande konklusjonar. Kjeldesortering har nesten ingen effekt, ifølge forskaren. Ho begrunner det med at gevinsten er så liten at den forsvinn med resursane vi bruker på sortering, transportering og behandling. Når det gjeld glas og papir er det liten grunn til å snakke om avgrensa ressursar. Stein og skog finst det rikeleg av i Noreg. Vi har faktisk dobla skogsvolumet sidan 1925.

Tala til Bruvoll viser at kjeldesortering og gjenvinning av plast frå hushaldningar sparer miljøet for fattige 0,09 prosent av det samla norske klimautsleppet.

Eit mykje nemnt tal er at ein sparer to kilo olje ved å bruke en kilo gjenvunnen plast, men det er likevel slik at om det er nødvendig å bruke mykje tid og energi på å reingjere plasten før den blir sortert, så forsvinn mykje av miljøgevinsten.

Då er det andre ting du kan fokusere på for å lette på miljøavtrykket du som forbrukar set på kloden. Ifølge utrekningar gjort av Bruvoll i 2009 vil det ta tiår med plastsortering for å spare inn utsleppa frå ein flytur frå Bergen til Oslo og tilbake.

Tilbake til kvalen - og eit lite opprop

Kvalen vekjer empati i mange av oss. Kvalfangst har difor vore eit hett debattert tema. Det nærmar seg «Grind» på Færøyane, også kalla «blod-festivalen» blant motstandarar. Med båtane sine i formasjon leier færøyveringane kvalane inn i fjæra kor det står folk klar med krokar og knivar og tar i mot dei. Anti-kvalfangst-organisasjonar som Sea Shepard prøver til liten nytte å stoppe dei, og pisker opp stemninga i media med valdsame bilde og fysiske konfrontasjonar.

For ein utanforståande kan det verke brutale og inhumant og det er fort gjort å ta avstand frå det. Dei vetskremde kvalane får kutta av hovudpulsåra til hovudet og havet blir farga raudt.

At livet i havet er viktig å ta vare på er det vel ingen tvil om, og at enkelte kvalbestandar er faretruande låge, er eit faktum. Overfisking, forsøpling og lite forsvarleg oppførsel er eit stort problem. Likevel, om ein skal tenke på kva som er klodens beste, er det viktig å huske at dette er den ressursen desse menneska har i sitt nærmiljø. Kanskje på same måte som vi har oljen og fisken, som også har sine negative miljøsider.

Er det betre for kloden at færøyingane lar kvalen leve i fred, eller å eksempelvis ete avokado frå Chile, linser frå India, bær frå Spania og kjøt frå Italia? Og kva med all emballasje som denne maten kjem pakka inn i? Den skal jo framstillast, pakkast inn og sendast, den og. Det er fort gjort å tenke at det stoppar der. Men slik er det altså ikkje i dag. Som tilfellet Flora syner; når du kastar noko er det byrjinga på ei ny reise.

Artikkeltags