Har du sett gullklokka til Martha (86)?

FLORØ Martha (86) mista gullklokka si etter ein handletur i Florø, og lovar finnarløn om den dukkar opp att.

DEL

Fredag 18. oktober tok Martha Mortensen busen frå Gunhildvågen til samfunnshuset i Florø sentrum. Deretter var ho på handletur, og var innom Amfisenteret, Spar-butikken i Strandgata og Evja.

I løpet av denne byturen mista ho ei gammal og kjær gullklokke, som ho så gjerne skulle hatt tilbake. Klokka kan ha forsvunne kor som helst på handleturen fredag.

– Det er ei veldig gammal klokke, ho har hatt den i ein 50-60 år. Den har høg affeksjonsverdi. Så mamma ville blitt veldig glad om nokon fann den, den betyr mykje for både henne og oss.

Det fortel sonen, Deon Mortensen. Han lovar finnarløn om dei får gullklokka tilbake.

Viss du har funne klokka, kan du ringe 911 43 616, eller kontakte Firdaposten.

Artikkeltags