Er Florø den mest attraktive byen i Norge?

Er Florø landets mest attraktive by?

Er Florø landets mest attraktive by? Foto:

Av

No kan du legge inn nominasjonar.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

Prisen «Attraktiv by» vert i år delt ut for tredje gang.

– Vi fekk inn nesten 400 nominasjonar i fjor, og det vitnar om eit stort engasjement. Lokalpolitikarar, byplanleggarar og administrasjonen i kommunane har stor kunnskap om byutvikling. Folk flest er opptatt av byar som har gode byrom og er miljøvennlege, seier kommunalminister Jan Tore Sanner (H) til Avisenes Nyhetsbyrå (ANB). Det skriv Firda.

Vil inspirere andre

«Attraktiv by» er statens pris for berekraftig by- og stadsutvikling. Høgre-statsråden har stor tru på å løfte fram eksempel som kan inspirere andre.

– Mange av dei norske byene er blant dei som veks mest i Europa, og då må vi sørge for at vi har gode byrom og betrar bukvaliteten både for innbyggarane og dei som besøker byane, seier Sanner, som også er opptatt av å redusere klimautslepp.

Derfor understrekar han viktigheita av å bygge rundt knutepunkt for kollektivtrafikk og bevare grøne område og parkar i område der folk bor.

– Kombinasjonen av desse ulike verkemidla gjør at byene blir meir attraktive, seier han

Utvikling smittar

Sanner bruker Trondheim som eksempel. Byen fikk i 2015 prisen fordi sjukehuset hadde blitt ein grøn del av byen.

– Vi som rikspolitikarar må i større grad vere ansvarlige for at statlege bygg vert lokaliserte sentralt i byane, peikar han på.

Byar i positiv utvikling smittar. Engasjerte lokalpolitikarar og byplanleggarar reiser til andre byar for å sjå på dei gode eksempla. I mange år blei det snakka om at Drammen kommune hadde skapt nytt liv i sentrum og gjort byen til ein attraktiv stad å bu..

– Mange bypolitikarar reiste til Drammen for å sjå kva byen hadde fått til, seier han.

Plankebyen

Kommunalminister Jan Tore Sanners (H) kommunereform møter motbør blant landets lokalpolitikere.

Kommunalminister Jan Tore Sanners (H) kommunereform møter motbør blant landets lokalpolitikere. Foto:

Sanner løfter fram Fredrikstad som eit aktuelt forbilde.

– Byen har fått eit betre sentrumsliv og sørgde for at stengde butikklokale er opna igjen. Det er blitt lagt til rette for både gåande og syklande, seier Høyre-statsråden, som synest byene generelt er blitt flinkare til å tenke meir langsiktig.

– Det handlar ikkje lenger så mye om berre å bygge ei blokk eller eit kjøpesenter, men om å utvikle hele kvartal, seier han.

Nå kan du fram til 17. mars si kva du meiner er gjort for å skape liv og trivsel i din by. Alle kan nominere kandidatar ved å skrive forslag direkte på attraktivby.no eller å gå inn på Kommunaldepartementes Facebook-side. (ANB)

Artikkeltags