Fortrolige samtaler

Fortrolige samtaler: Marte Engebrigtsen og Hermann Sabado.

Fortrolige samtaler: Marte Engebrigtsen og Hermann Sabado. Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Måndag kveld "står" Liv Ullmann på scena på samfunnshuset.

DEL

Liv Ullmann er tilbake i Norge - denne gangen som regissør for teaterversjonen av filmen "Enskilda samtal". Saman med Riksteateret reiser Ullmann rundt til 50 norske byar og på måndag er det Florø sin tur.

– Fortrolige samtaler er ei forteljing om ei kvinne sine hemmelegheiter, men mest av alt handlar det om kven hemelegheitene våre gjer oss til, seier Ullmann sjølv om teaterstykket.

Historia i teaterstykket handlar om 36 år gamle Anna, som må betale sanningas pris etter å ha betrudd seg til soknepresten Jacob. Anna har nemleg i lengre tid hatt eit forhold til ein yngre mann. Soknepresten ber Anna om å bryte foholdet og fortelle sanninga til ektemannen. Men er det eit alternativ?

– Berre Liv kunne fortelle denne

Fortrolige samtaler er basert på livshistoria til den svenske filmregissøren Ingmar Bergmans foreldre, med utgangspunkt i dagboka til den kjente svenskens mor. Bergmann levde saman med Liv Ullmann i peroden 1965-1970 og saman fekk dei dattra Linn Ullmann.

– Dette er ei historie Bergmann meinte berre Liv Ullmann kunne fortelle. Det er ei histori om kjærleikm truskap, friheit og livsmot. Og at alt dette utløyser stor glede og djup fortviling i liva våre, seier kulturhusleiar Ingvar Hopland.

Liv Ullmann har skapt eit nytt manus, rett mot scena.

Fortrolige samtaler er i følge Riksteateret ei universell historie som alle menneske kan kjenne seg igjen i. På scena står eit stjernelag av norske skodespelarar. Marte Engebrigtsen, Anneke von der Lippe, Mattis Herman Nyquist, Liv Bernhoft Osa, Hermann Sabado, Kari Simonsen og Bjørn Skagestad.

Kari Simonsen i Fortrolige samtaler: Liv Ullmann har skrive eit nytt manus meint for scena. Ullmann var saman med Ingmar Bergmann på 60-talet og kjende historia godt.

Kari Simonsen i Fortrolige samtaler: Liv Ullmann har skrive eit nytt manus meint for scena. Ullmann var saman med Ingmar Bergmann på 60-talet og kjende historia godt. Foto:

Artikkeltags