CHC Helikopter Service skal drive Florø-basen

CHC-helikopter i Florø.

CHC-helikopter i Florø. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

CHC Helikopter Service skal drive redningshelikopter-basen i Florø.

DEL

Leiinga og pressetalspersonar i selskapet er på påskeferie, men General Operation Manager i selskapet stadfestar at dei har fått melding frå Justisdepartementet om at dei har fått kontrakten.

Selskapet som nyleg mista anbodet på Nordsjø-flyginga ut frå Florø, kan no likevel halde fram med ein solid aktivitet i kystbyen.

- Det er veldig gledeleg at vi har fått denne kontrakten i ei tid der det er mykje nedskalering og nedbemanning, understrekar operasjonsjef Renee de Jong.

Kontrakten med Nordsjø-flyging går ut 1. mai neste år, medan redningshelikopterbasen skal overtakast i september neste år. Ein reknar med at drift av redningshelikopterbasen krev kring 18 årsverk i Florø.  Kontrakten på redningshelikopter-drift er på tre år og tre månader med opsjon på to år.

CHC-konsernet er involvert i  drift av redningsteneste fleire andre stader.

Les også:

CHC Helikopter Service

CHC Helikopter Service er eit norsk helikopterselskap eigd av det canadiske selskapetCHC Helicopter. Selskapet har sin norske administrasjon på Stavanger lufthamn, Sola. Selskapet flyg til oljeinstallasjonar på kontinentalsokkelen i Nordsjøen og i Norskehavet. Dei har helikopterbasar utover heile landet pluss fem SAR-helikopter stasjonert på Ekofiskfeltet(to), Osebergfeltet, Statfjordfeltet og frå våren 2007 Heidrun.

Selskapet heitte før 18. desember 2000 Helikopter Service då dei endra til CHC Helikopter Service. 2. april 2009 blei namnet igjen endra, denne gongen til CHC Norway. 26. oktober 2010 endra selskapet igjen namn, denne gongen tilbake til CHC Helikopter Service, for å anerkjenne selskapets lange tradisjon og ærefulle historie gjennom nesten 60 års helikopterdrift i Norge.

Kjelde WIKIPEDIA

Artikkeltags