EINASTE: – Det er ein berre ein person eg fått beskjed om å intervjue. Som Liverpool-supporter fekk eg meg ikkje til å seie til sjefen at eg måtte til Liverpool for å intervjue ein florømann, seier Njål Engesæth her med intervjuobjektet Tage Herstad.

Njål kom ut av kjellaren og fann ut at han hadde fans

– Det er heilt klart ein bonus når kjentfolk vederlagsfritt ønskjer å stille opp i programmet ditt av den grunn at dei liker det du har laga før.
Av
Publisert

FLORØ: Han starta med eit smalt arkivprogram på NRK 2 som fort fekk kultstatus. Etter tre sesongar i kjellaren er han no blitt sendt ut for å møte folka han har i arkivet.  «Lisenskontrolløren og Livet» heiter den fjerde sesongen i serien om Lisenskontrolløren. Kontrolløren er «in persona» Njål Engesæth frå Florø.

I GANG IGJEN: Njål Engesæth er i gang med sin fjerde sesong som Lisenskontrollør i NRK. No i eitt nytt konsept som er kalla "Lisenskontrolløren og livet". Foto: Jørn Veberg

I GANG IGJEN: Njål Engesæth er i gang med sin fjerde sesong som Lisenskontrollør i NRK. No i eitt nytt konsept som er kalla "Lisenskontrolløren og livet". Foto: Jørn Veberg

Skråblikket til Njål vart raskt plukka opp som godt. Det  fall også i «riktig» humorkategori blant publikum. For sjåarane har vore trufaste. Programmet har hatt vekst, mykje takka det rikhaldige arkivet rikskringkastinga sit på av levande bilde, men korleis det blir plukka fram og korleis dette stoffet blir resirkulert og filtrert gjennom dagens perspektiv og standardar, har verkeleg fenga.

Etter kvart vart programmet flytta til «moderkanalen» NRK1 og i stadig betre sendetid.

  • Her og her kan du sjå Lisenskontrolløren og livet

Feil ende

No er Engesæth stege meir i gradene om du kan seie det slik. Han er ferdig med dei reine arkivprogramma og er no ute og treffer folk. Litt omvendt karriereveg enn journalistar flest. Dei  jobbar gjerne med det nostalgisk arkivstoffet først på tampen av yrkeslivet.

– Ja kanskje eg kan vere ein som snur på det og først no skal reise ut i verda for å møte folk, seier han og ler.

Nytt i den fjerde sesongen er at nemleg at han no møter og lager intervju av folk.

– Det er framleis Lisenskontrolløren på sett og vis, men for meg er det eit heilt nytt konsept. Eit Lisenskontrolløren 2.0 kan du seie, seier han. Og det har vore takknemleg oppgåve å få folk til å stille opp skulle det vise seg.

Bonus

FANN TONEN: Engesæth var overraska over at dei som stilte opp til intervju faktisk var fans av programma. Her med Liv Ullmann.

FANN TONEN: Engesæth var overraska over at dei som stilte opp til intervju faktisk var fans av programma. Her med Liv Ullmann.

– Heilt klart ein bonus. Vi får no intervjuobjekt som stiller opp fordi dei har likt det eg har gjort. Det er rart, men veldig moro, vedgår han.

Njål Engesæth har fullstendig fridom over programma han lager. Men han har likevel ikkje nytta seg av den fridommen fullt ut. Sjølv om det til tider kan verke slik.

Det einaste intervjuobjektet han ikkje sjølv har peika ut var faktisk Tage Herstad frå Florø.

For skam skuld

– Eg meinte det ville bli litt for heftig at eg, som i tillegg er Liverpool-supporter, nok ein gong skulle reise til Liverpool, for å intervjue nok ein florømann. Det var litt for drøytt å komme på sjølv, seier han og ler. Sesongen før hadde han nemleg intervjua florømannen Øyvind Alsaker føre Anfield i Liverpool.

Eg har aldri snakka med Øyvind Alsaker før eg møtte han utanfor Anfield i Liverpool. Men vi vaks opp i same gate i Florø.

Njål Engesæth, Lisenskontrolløren til NRK

Dette er ein mann som budde berre to hus bortanfor Engesæth-huset i Keilevegen. Likevel hadde Njål aldri veksla eit ord med mannen som i dag er den mest kjende fotballkommentatoren i Norge. Men sjefen Kristin Rosenløw Eeg sende han like fullt til England nok ein gong. 

UKJENDE NABOAR: Dei er oppvaksne to hus frå kvarandre i Keilevegen i Florø, men første gongen Njål Engesæth snakka med fotballkommentator Øyvind Alsaker var her utanfor Anfield i Liverpool. Foto: NRK

UKJENDE NABOAR: Dei er oppvaksne to hus frå kvarandre i Keilevegen i Florø, men første gongen Njål Engesæth snakka med fotballkommentator Øyvind Alsaker var her utanfor Anfield i Liverpool. Foto: NRK

– Tage gjekk i klassen til broren min på barneskulen, Øyvind Alsaker budde i gata mi då eg vaks opp, då blir det veldig lite, men det vart veldig naturleg likevel, seier Njål som kommande onsdag har mange florøfolk med i programmet sitt. Det var også heilt tilfeldig.

 – Eg skulle lage ein episode om det å vere ung. Og eit problem i NRK-arkivet er at det er dårleg med namn på barn og unge. No kom eg over eit program om 13-åringar frå Florø og då tenkte eg at dette er folk eg kanskje kan kjenne igjen.

Og her trefte han blink. I dette Halvsju-programmet som vart sendt for 37 år sidan kjende han igjen fleire.

Blinkskot

HEIMOM: Kaare Krokene som bur i Australia var tilfeldigvis i Florø førre jul. Då stilte Njål same spørsmål som NRK gjorde til 13-åringen Krokene for 37 år sidan.

HEIMOM: Kaare Krokene som bur i Australia var tilfeldigvis i Florø førre jul. Då stilte Njål same spørsmål som NRK gjorde til 13-åringen Krokene for 37 år sidan.

– Programmet vart spelt inn i romjula for eit år sidan. Her møter eg Per Øyvind og Jan Ove Helle, Geir Kristiansen, Sissel Leni Sundal Nærø og Kaare Krokene. Krokene som for tida bur i Australia var berre tilfeldigvis heime i Florø, så her var eg heldig, seier han.   

Onsdag kjem programmet der vi får sjå florøværingar før og no.

  • Her kan du sjå programmet frå halvsju med 13-åringane frå Florø

For å beise lokalpatriot-poenga ut her, så kan det nemnast at Jørn Veberg har tatt alle promobildene til programserien og broren, Emmy-vinnaren Øyvind Veberg, har vore konsulent på spesialeffektar.

Artikkeltags