Full stopp i Nordsjø-trafikken

Ventetid for oljearbeidarar. Arkivfoto

Ventetid for oljearbeidarar. Arkivfoto Foto:

Passasjertransport til og frå oljeinstallasjonane har stoppa opp.

DEL

Flyplassjef Siv Merete Stadheim i Florø opplyser at flytrafikken går som normalt hos Widerøe, men at Nordsjø-trafikken med helikopter har stoppa opp på grunn av krevjande vêrtilhøve. Det har vore mykje snø og snøbyger.

– Det er fare for lyn og torden som gjer at mange oljearbeidarar no sit og ventar på flyplassen, forklarer Stadheim.

Widerøe sine flygingar har gått som normalt, med unnatak av ei flyging tysdag ettermiddag som vart forseinka på grunn av tett snøfall.

Også ved andre lufthamner er det full stopp i helikoptertrafikken. Nettstaden Heliport syner at tysdag ettermiddag var det 28 helikopteravgangar som var innstilte.

Avgangen frå Florø til Gjøa klokka 17.10 og retur klokka 17.49 blei kansellert tysdag.

Artikkeltags