Ny fiskedoktor i byen

Jan Arne Holm i bakgrunnen har fått seg ein ny kollega i Thomas Kloster-Jensen.

Jan Arne Holm i bakgrunnen har fått seg ein ny kollega i Thomas Kloster-Jensen. Foto:

Interessa for biologi, naturen og havet spesielt har ført Oslo-mannen Thomas-Kloster Jensen til det regnvåte Vestlandet og kystbyen Florø.

DEL

Han har nettopp fått pakka ut og plassert ny Mac på pulten i kontorlokalet til fiskehelseselskapet Fishguard på Horne Brygge. Skal vi ta i bruk prosenttrikset, så har bemanninga ved Florø-kontoret auka med 100 prosent og Jan Arne Holm har fått ein kollega å dele fag- og smalltalk med.  

Natur og hav

Kvifor har så ein ung mann frå hovudstadsområdet har valt å etablere seg her i Distrikts-Norge?

– På vidaregåande oppdaga eg at det var naturfag og biologi som fanga mi interesse. Eg valde derfor å begynne på Universitetet i Bergen og berekraftig havbruk. Etter kvart oppdaga eg at dei fleste faga eg tok var felles med fiskehelsestudiet. I studentmiljøet fanga eg opp at jobbmoglegheitene var større innan havbruksbransjen med fiskehelse. No har eg nettopp fått autorisasjonen min for å kunne skrive ut medisinar til fisk, fortel Thomas.

Undervegs har han mellom anna jobba i NALO-prosjektet; nasjonal overvaking av lakselus, og fått jobba heilt opp til Finnmark med å bruke sjøaure som indikatorart for lakseluspress.

FISHGUARD

Målsetjinga i Fishguard er at kunnskap, spesialisering og ei meir helskapleg tilnærming til fiskehelsearbeid skal bidra til betre biologiske resultat i norsk fiskeoppdrett.

Dei har vidare som mål å ta ei meir aktiv og rådgjevande rolle i heile produksjonskjeden, bidra til meir økologisk berekraft og meir effektiv produksjon.

Fishguard har veterinærar og fiskehelsebiologar er på plass langs heile kysten, frå nord til sør. Jan Arne Holm selde sitt selskap Fjordlab i Måløy til Fishguard i 2013. 

Hovudkontor er på Leknes i Lofoten.

Fishguard har ein tilsett på Island, 12 i Bergen, to i Florø og to i Harstad. 

Seniorrådgjevar for helse og miljø  i Fishguard, Jan Arne Holm, peikar på at kollegaen sin faglege bakgrunn passar svært godt inn i utfordringane i dagens havbruksnæring.

– Kunnskap om berekraftig havbruk og fiskehelse er sentrale fagområde. Kunnskap om økologi er også sentralt i den jobben vi gjer i Fishguard. Vi gjennomfører også miljøundersøkingar både for havbruksbransjen og andre, understrekar han.

Mini-Bergen

Thomas Kloster-Jensen har så langt «budd i ei pappkasse» i leilegheita si og levd stort sett på hurtigmat.

– Fekk nettopp kjøpt meg ein komfyr på nettet. Så den var eg inne i Dale og henta.

– Kva er inntrykket ditt av Florø så langt?

 – Det er som ein miniversjon av Bergen. Vêret er det same, men det er ein langt mindre by sjølvsagt. Bur 15 minutt i gangavstand frå kontoret. Det er fint å ha alt du treng i nærleiken. Å ha ein flyplass så nær er ikkje verst heller, smiler han.

Som naturmenneske ser han fram til å utforske det regionen har av turmoglegheiter i fjellet og i øyane.

Men for dei unge damene som no har sett for seg at det er ein attraktiv ungkar på marknaden, må vi nok opptre som gledesdreparar. Han er opptatt.

Enn så lenge kan det vere ei trøyst at det framleis er fleire fisk i havet.

Artikkeltags