Dei gnistrar av 80-talsenergi

GNIST: Koret Gnist under leiing av Imke Schüren er full av energi og virketrang og skal ha konsert i samfunnshuset 10. november.

GNIST: Koret Gnist under leiing av Imke Schüren er full av energi og virketrang og skal ha konsert i samfunnshuset 10. november. Foto:

FLORØ: Sangkoret Gnist er klar for sin første store konsert i Florø lørdag 10. november.

DEL

Dei gler seg stort til å ta publikum med på ei musikalsk reise tilbake til 80-talet, tiåret då skulderputer, kvite tennissokkar, leggvarmarar og plastøyredobbar var tøft, kleda fargerike, sminka crazy, håret stort og musikken kul.

– Vi har jobba lenge med songene, og ser fram til å presentere dei for publikum i Florø. På konserten fremfører vi 12 kjente songar, alt frå songer med futt i, til dei litt meir rolege, fortel administrativ leiar i koret, Bodil Kløve.

Dans

Dei har også med seg dansegruppa Extra som består av Maria Ryland Solheim, Hedda Skulbørstad, Jenny Igland og Eline Ryland Fanevik.

– Dette er jenter som verkeleg kan danse. Dei skal framføre nokre eigne dansar og også danse til ein av songane våre, fortel Kløve.

Som del av førebuingane til konserten har dei hatt seminar og ekstra lading av batteria med scenekunstnar Oda Alisøy.

Gnist var med på alle infalla mine og har verkeleg gitt av seg sjølve. Reknar med at dei gjekk rett heim og spelte luftgitar framfor spegelen, fulle av fyr og flamme til 80-talskonserten, postar ho på si Facebook-side.

80-TALET:  Kapellmeister Arne Sunnarvik og trommis Arild Brandshaug kalibrerer seg inn på 80-talet.

80-TALET: Kapellmeister Arne Sunnarvik og trommis Arild Brandshaug kalibrerer seg inn på 80-talet. Foto:

2015

Dirigent for koret er Imke Schüren, som samarbeider med kapellmeister Arne Sunnarvik og band om tonefølge til songane. 

Koret ble stifta i desember 2015, og allereie første våren arrangert dei ein friluftskonsert i Røvarhillaren. Dei har også vore lokal arrangør for Korforbundet Sogn og Fjordane sin Nyttårskonsert i Florø. I tillegg har dei sunge på nyttårskonsertane til Korforbundet Sogn og Fjordane i Naustdal,  songarstemne på Atløy, Allehelgenssøndager i Naustdal, nokre basarer i Florø og julemarknaden i Florø.

Men no er hovudfokuset på konserten neste helg og dei garanterer god stemning med glade 80-tallslåtar av artistar som Sting, Eurythmics, Bette Midler og Weather Girls. 

Det blir sal av forfriskningar før konserten. 

Artikkeltags