– Fantastisk Flora-reklame

Artikkelen er over 2 år gammel

Sjå glimt frå Tareq Taylor sitt matprogram frå Flora, som skal sendast i heile Europa.

DEL

I midten av mai var eit tv-team i Flora kommune for å spele inn ein episode i serien "Nordic cookery" med tv-kokk Tareq Taylor: Kjendis-kokk skal lage mat på Brandsøyåsen

No er dei første smakebitane av programmet avslørt.

Flotte bilde frå Florø

– Dette blir veldig, veldig bra, med masse flotte bilde frå Flora. Det er eit heilt program som berre handlar om kommunen og råvarene våre, reiselivsmessig har dette ein kjempeverdi. Det er magisk Flora-reklame, fortel Barbro Furset i Byen Vår Florø, som var samarbeidspartnar på innspelinga.

Programmet får premiere på TV4 Sverige søndag 8. oktober. Seinare skal det sendast på BBC over heile Europa, med millionar av tv-sjåarar.

Taylor var mellom anna på Steinvik fiskefarm, dykka etter kamskjell, besøkte Norsk hjortesenter på Svanøy, smakte pølse frå Reksta villsau, laga mat på Kinn, feira 17. mai og laga mat på stoppen av Brandsøyåsen. På alle stadene møter han lokale folk, som Johan Trygve Solheim, Alex og Marthe Vassbotten, Siri Stavang og Espen Lothe i Kinn Bryggeri.

Alle som har delteke i innspelinga har no fått tilsendt råmaterialet som vart filma, og får lov å bruke det fritt - også i marknadssamanheng.

Byen Vår Florø har fått sett heile programmet. Dei har også fått tilsendt åtte kortare klipp, og ein disk med alt råmaterialet frå tre dagar med filming i Flora. Reiselivsselskapet FjordKysten får også bruke filmane.

- Det er enormt bra gjort av produksjonsselskapet, eg har aldri opplevd liknande, seier Furset.

Sjå klipp frå 17. mai: (saka held fram under videoen)

Uhemma skryt

Både sjølve Flora og alle dei som deltok i prosjektet har fått veldig gode tilbakemeldingar.

– Vi fekk utruleg mange godord under innspelinga. TV-teamet og Taylor skrytte uhemma av både staden og folkene her, og tv-kokken er heilt klar på at han vil tilbake til Florø - raskt.  Dei var fjetra av den vakre naturen vår, og lurte på om vi var blitt heilt blinde på det fantastiske landskapet vi hadde rett utanfor døra vår, fortel Furset.

Då Taylor laga mat på Brandsøyåsen var han tydeleg imponert over utsikta. Han meinte den såg ut som den var perfeksjonert i eit filmstudio i Los Angeles.

"It looks like a Hollywood-backdrop, but it's actually real", seier han til kamera. Og i avslutninga på programmet seier han ; "No må eg dessverre reise, men eg kjem tilbake veldig fort!".

- Berre den avslutningsreplikken der er jo verdt millionar, seier Furset.

LES OGSÅ: Flora på BBC-menyen

Artikkeltags