Møt Tage og Jegsy i fotballpodden

I STUDIO: Florømannen og kjendissupporteren Tage Herstad, sit ikkje heime og følger med på VM som oss andre. No er det ferietid frå Premier League. Vi møtte han og kameraten Jegsy frå Liverpool som no skal gjere Norge frå Lindesnes til Nordkapp.

I STUDIO: Florømannen og kjendissupporteren Tage Herstad, sit ikkje heime og følger med på VM som oss andre. No er det ferietid frå Premier League. Vi møtte han og kameraten Jegsy frå Liverpool som no skal gjere Norge frå Lindesnes til Nordkapp. Foto:

Han har ein livsstil mange drøymer om, og andre berre ristar på hovudet over. Begge reaksjonane kan Tage Herstad forstå. Møt han og kameraten Jegsy i fotballpodden under.

DEL

Tage Herstad er det vi kan kalle ein profesjonell fotballsupporter. Han har vore på stadion dei 760 siste kampane klubben Liverpool har spelt offisiell kamp. Heilt sidan dei møtte Olympiakos borte i 2004 har han sett kvar kamp, live.

No er det VM, noko som betyr ferie for Tage Herstad. No er han innom Florø saman med ein kamerat frå Liverpool. Dei skal på ein roadtrip og utforske gamlelandet på kryss og tvers. Dei har vore heilt sør på Lindesnes, no er dei vest i Florø og turen den kommande veka går via Trollstigen og Atlanterhavsvegen og ender opp i Honningsvåg og Nordkapp.

Deretter er det tilbake igjen til Liverpool der han no har slått rot med familien på fire.

– Kamilla er manageren og eg er meir ein libero, seier Herstad og florøjenta han er gift med. Dei to barna Tia (12) og William (11) er tospråklege og er heime i Florø og nyt fridommen som kjem med ein småby som Florø.

Vi snakka med Tage om den spesielle livsstilen hans, om det viktige å heidre den første fotballhelten hans Svein Indrevær. Vi kjem innom historia då han var midt i det russiske propagandaapparatet rund VM og spør kameraten frå Liverpool om synet på norske fotballturistar opp i mot den lokale fanbasen. Så kan vi avsløre den nye lesarturen til Firdaposten 30. mars neste år.

Artikkeltags