Gull av gråstein

Hjalmar Lothe har skulptur-utstilling på Kystmuseet i vår.

Hjalmar Lothe har skulptur-utstilling på Kystmuseet i vår.

Artikkelen er over 4 år gammel

Florøværing med stor skulpturutstilling på Kystmuseet

DEL

8. mai opnar Flora Kunstlag ei stor separatutstilling med hogde steinskulpturar av skulptør og bildehoggar Hjalmar Lothe. Utstillinga skjer på Kystmuseet og står fram til 26. juni. 

Hjalmar Lothe er fødd og oppvaksen i Florø, medlem i Norsk Billedhoggerforening og bur og arbeider i dag i Bygstad.

– Dette blir ei stor utstilling, med 14 steinskulpturar, ein stor gallionsfigur og eit titals keramiske arbeid, seier leiar i Flora Kunstlag, Jack Ingebrigtsen.

– Det ligg mykje og tungt arbeid bak slike kunstverk.

Kraftig verktøy

Lothe bruker tunge vektøy som maskinmeisel, vinkelslipar, hammar og meisel i arbeidet med skulpturane.

– Lothe er dyktig på å forme arbeidet sitt, slik at skulpturane fungerer i ulike vinklar og kantar, fortel Ingebrigtsen og forsett:

– Han har og ei stor interesse for historie og arkeologi, og har forma to store økseskulpturar. Inspirasjonen er henta frå steinalderen og frå vikingtida.

Kunstnaren kjem

Hav og kyst er også ei stor inspirasjonskjelde for kunstnaren. Formane frå skjell er ein gjengangar.

– Vi ser fram til denne utstillinga! Lothe er ein dyktig bildehoggar som verkeleg gjer «gull av gråstein», seier Ingebrigtsen.

Utstillinga opnast av ordførar Bengt Solheim-Olsen.

Artikkeltags