Flammande engasjerte 11-åringar ville på trykk

ENGASJERTE: 11-åringane Pia Klokke og Petter Muri er elevrådsrepresentantar i klasse 6C ved Florø barneskole. Dei troppa opp i Firdaposten-redaksjonen tysdag med sterke meiningar.

ENGASJERTE: 11-åringane Pia Klokke og Petter Muri er elevrådsrepresentantar i klasse 6C ved Florø barneskole. Dei troppa opp i Firdaposten-redaksjonen tysdag med sterke meiningar. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

- Vi må gjere noko! står i krigstypar på første sida av ein bunke papir som blir dunka i desken på Firdaposten. Det var akkurat det elevrådsrepresentantane i klasse 6c ved Florø barneskole gjorde. Dei troppa opp i lokalavisa si for å kringkaste engasjementet sitt. Og dei som trudde at generasjonen som no veks opp ikkje er opptekne av samfunnet rundt seg? Dei må tru om igjen. For engasjementet som Pia Klocke og Petter Muri legg for dagen vitnar om ungdommar med eit brennande engasjement. Og dei hadde heile klassen sin i ryggen. No i haust at dei har snakka om media og meiningar i norskfaget og IT-timane.

Utvida debatten

- I utgangspunktet skulle vi jobbe med dette ei veke, men så var det så stort engasjement i klassen, at læraren vår Heidi Indrebø lot oss får utvide prosjektet, seier Petter.

HALLO! - Skal noko bli gjort må dei som styrer, dei som kan gjere noko med det, bli merksame på at folk reagerer seier Pia og Petter. Dei gjekk til lokalavisa si.

HALLO! - Skal noko bli gjort må dei som styrer, dei som kan gjere noko med det, bli merksame på at folk reagerer seier Pia og Petter. Dei gjekk til lokalavisa si. Foto:

Elevane har snakka om ting dei er opptekne av, og alle har skrive ned argumenta og meiningane sine. Her kjem det fram flammande meiningar om liva vi lever, både i eit lokalt og i eit større globalt perspektiv.

- Vi har snakka mykje om ting vi er opptekne av i klassen. Vi har også diskutert dette i RLE-timane då temaet var demokrati og menneskerettar, seier Pia. Elevrådsrepresentantane kom med ideen at dei kanskje kunne gå til Firdaposten for å få fram synet elevane i klassen hadde på ulike ting.

Skal noko bli gjort må dei som styrer, som kan gjere noko, bli merksame på at folk reagerer.

Pia og Petter, elevrådsrepresentantar for 6C Florø barneskole

- Alle meiner ulike ting, men skal noko bli gjort må dei som styrer som kan gjere noko med det bli merksame på at folk reagerer. For mykje av det vi har snakka om er viktige problem, seier Pia og Petter.

Bodskap frå brukarane

Det dei fleste elevane i klassen er opptekne av er kanskje ikkje uventa. For den vesle gymsalen på skulen som skal romme kroppsøving for alle dei 540 elevane ved skulen, er altfor liten. Dette er eit område som engasjerer.  

- Dette er veldig mange opptekne av og det er eit tema som går igjen. No må faktisk vi dele gymsalen med ein 7. klasse, opplyser elevrådsrepresentantane.

Ine er ein av dei som hadde ein god grunngjeving:

- Florø barneskole treng ny gymsal. Den vi har er for liten for 20-30 elevar om gongen. Eg synest forslaget om gymsal ved samfunnshuset er lurt. Helsa til barneskuleelevar er viktigare enn nytt rådhus. Rådhuset kan bli pussa opp når barneskolen har fått ny gymsal. Dei kan kanskje bruke sjukehuset som midlertidig løysing, seier Ine. Martin er innom mange av dei same momenta og legg til at om gymsalen blir plassert i prestehagen, så vil presten få ein liten hage. Jeineetha er ein av dei som meiner det finnast potensiale i bygningsmassen som kommunen allereie rår over.

Kva om vi brukar sjukehuset til ny gamsal, det er jo berre eit stort ubrukeleg bygg i nærleiken av skulen vår?

Jeineetha, 6C

- Kva om vi bruker det gamle sjukehuset? Det er jo eit stort ubrukeleg bygg i nærleiken av skulen vår. Om vi river sjukehuset og bygger ein hall der no, så kanskje vi 06-arane kan få brukt den? spør Jeineetha.

Hærverk

Noko som opptek 11-åringane er hærverk. Keisha meiner det er hærverk i heile Norge og at dei som gjer det bør tenke seg om, for det har konsekvensar om ein sparkar ned busskur eller riv av plast av leikehytter og hiv den i naturen.

- Det som er lurt er å rydde opp etter seg, eller ta kontakt med kommunen slik at dei får sett opp bosspann.

Ingrid meiner dei som driv hærverk ikkje tenker over at om dei knuser eit vindauge så kan skuleelevar eller andre trakke og skade seg på glaset.

- Det blir finare om eigarane fiksar opp etter hærverk, men det er dei som gjer hærverket som kanskje burde tenke seg om, kjem det frå Ingrid. Ho er også inne om eit tema som fleire i klassen er opptekne av. Det er standen på gamle og forfalne hus i Florø sentrum. Eit hærverk som blir til av seg sjølv.

Flautt for byen vår

Pia meiner at dei gamle husa i byen må pussast opp og at standen på husa kan vere farleg for folk om ikkje noko blir gjort.

Det er veldig flautt for byen at vi ikkje passar på husa våre

Pia 6C

- Det er mange hus, som til dømes gamle Kakebua og den gamle puben ved sidan av Mamarosa som må pussast opp snart. Det ser veldig stygt ut, og det er veldig flautt for byen at vi ikkje passar på husa våre! Viss vi vil at folk skal like byen vår, må vi stelle med byen så godt vi kan, seier Pia. Mykje av dei samme argumenta som Maren la for dagen. Ho la også til at dei gamle bygga i byen kan bli fine om vi investerer litt tid i dei.

Å ta vare på dei gamle husa i Florø sentrum var noko mange av elevane i klassen var opptekne av.

Pass på miljøet! 

Miljøengasjementet er også glødande i den oppveksande slekta. Iselin meiner noko må gjerast, og heilt lokalt meiner ho skular og dei som vil kan gå rundt og plukke søppel i naturen ein gong i året. Men det er noko ho stussar over:

- Vi må gjere noko med søppelspanna som står ute i Florø. Dei har store hol på kvar side. Då kan vinden komme inn det eine holet og blåse søppelet ut det andre. Då er det jo naturen som forsøplar seg sjølv!?

- Vi må gjere noko med søppelspanna som står ute i Florø. Dei har store hol på kvar side. Då kan vinden komme inn det eine holet og blåse søppelet ut det andre. Då er det jo naturen som forsøplar seg sjølv!

Iselin, 6C Florø barneskole

- Vi bør tenke litt på framtida, påpeikar Elise som listar opp tiltak som kan hindre global oppvarming. Ho meinar også at vi bør ete mindre kjøt.

- Viss vi et mindre kjøt, er det mindre sjanse for at vi må ete insekt. I framtida tippar eg at halve verda er begynt å ete innsekt, kanskje meir óg, kjem det frå Elise. Amund meiner at lakseanlegget ved Veiesundet forureinar og at fisken og krabben som blir fiska i nærleiken av er av dårleg kvalitet.

- Anlegget bør flyttast og sandbotnen der anlegget ligg i dag må rensast, er den tydelege meldinga. 

Do berre for eldre?

Tor-Erik slår eit slag for offentlege toalett. At ein må betale for å gå på do meiner han er urimeleg.

- Og kva om ein ikkje er gamal nok til å ha bankkort, men det er det du må bruke for å gå på toalettet? seier han og peikar på ein aldersdiskriminering det ikkje blir gripe fatt i av det offentlege.

Meir grusing og salting av vegane no vinterstid er noko Sigurd er oppteken av.

Det verste med glatte vegar er at halve landet kjem til å gå på krykker til slutt

Sigurd 6C

- Det er så mange som sklir og eg såg nokon som fekk mopeden sin velta på glatta. Det verste er at halve landet kjem til å gå på krykker til slutt, eg hatar ialle fall å skli, strekar Sigurd under.

Emma meiner at asfalt er løysinga, allefall på skulevegen.

- Mange får vondt i hovudet av å sykle på ein humpete og ubehageleg skuleveg. Kanskje vi skulle hatt ein ny, og om vegen er brei nok, detter vi ikkje ut av den, seier ho.

Krig og fred

Meir internasjonal i bekymringane var Jorunn som meiner jakta etter makt har gått for langt.

- Det går ikkje an å løyse problem i verda om ikkje alle blir samde. Så mitt spørsmål er: Kvifor kan ikkje alle bli samde og nøgde med det dei har? spør ho og meiner nokre er ute etter makt og andre ikkje. Det dei eigentleg skulle ha gjort er det beste for landet sitt, poengterer Jorunn.

Tord peika på at breiband ikkje nødvendigvis er breiband.

- Ute i distrikta får du ikkje nok fiber. Mange er sinte fordi Erna ikkje bryr seg om alle distrikta, men uansett veit vi at Erna framleis er hyggeleg og bryr seg om mange. Vi veit at folk er opptatt av jobbane sine. Men om du jobbar i Florø og bur på Stårheim så blir det mykje styr, slår Tord fast. 

Bruk belte!

Ida, meiner at dei som ikkje bruker bilbelte på bussen ikkje burde få lov å ta bussen.

- Det er akkurat som å sitte i bil, då må du ha belte, seier ho og stiller fleire aktuelle spørsmål om beltebruk:

- Kva er lurast? Å vere kul fordi du ikkje har belte eller tryggleiken din? Og kven er det som skal få skulda om du skadar deg om du ikkje brukar belte? Er det du, sjåføren eller foreldra som kan skuldast? spør Ida.

Andre meiner at fridomen på nett er eit hinder.

- YouTube er eit av verdas største nettverk, men eg meiner at det er teit at alle videoane no må vere familievennlege. Det gjer at youtubarane ikkje kan vere seg sjølve, det vil eg gjere noko med, seier Petter.

Mats er ein av mange som ser ei alternativ bruk i sjukehustomta i Florø.

- Eg ville hatt eit museum bak det gamle sjukehuset. Eit gratis museum der vi kunne sett på alle slags ting frå heile verda. Kanskje vi kunne tatt alle dei utstoppa dyra vi har på skulen og sett dei ned dit, kjem det frå Mats.    

Artikkeltags