No breier ho ut vengene

Alice Kucevic Hugøy satsar alt på musikken.

Alice Kucevic Hugøy satsar alt på musikken.

Artikkelen er over 2 år gammel

Alice sleppte sin første singel i dag. Om ei veke flyttar ho til Australia.

DEL

Låten «You and me» blei sleppt på iTunes og Spotify i dag.

Du kan også høyre den på YouTube.

Elektronisk pop

– Eg er veldig fornøgd, seier den 16 år gamle artisten.

– Santi frå Florø er produsent på låten. Vi har same musikksmak, så han forstår kva sound eg vil få til, seier ho.

Låten har fått klassisk, elektronisk pop-innpakning.

– Det er ei sommarlåt. Det beste som kan skje no, er at folk streamar den så masse dei berre kan, seier artisten som også håper å bli lista på NRK lokalradioen.

Flyttar til andre sida av kloden

Alice er i ferd med å breie ut vingene og forlate reiret, ingen tvil om det. Om ei lita veke set ho seg heilt åleine på flyet til Australia. Ho skal ta andre året på vidaregåande som utvekslingsstudent i Brisbane.

Om ei lita veke flyttar Alice til andre sida av kloden.

Om ei lita veke flyttar Alice til andre sida av kloden. Foto:

Kvifor Australia?

– Eg er halvt serbisk og likar sola. Og så vil eg utvikle engelsken min, det er viktig med tanke på musikken.

Ho skal bu hos ein vertsfamilien, første halvåret med ein anna utvekslingsjente frå Italia.

Ho er knapt begynt å pakke, musikken tar all tida om dagen.

– Eg slit litt. Eg kan ta med maks tjue kilo. Og eg som vanlegvis pakkar heile klesskåpet, seier ho og tar ein liten tenkepause.

– Kanskje eg skal ta meg råd til å betale for ein ekstra koffert?

Noko kjent i det ukjente

Det er skummelt å tenke på at ho skal flytte til andre sida av kloden.

– Alt er nytt. Eg må finne ut kor eg høyrer heime, seier ho og har planen klar.

– Eg skal halde på med musikk heile tida. Dessutan trener eg friidrett kvar einaste dag. Eg håper at eg får så masse å gjere på, at det ikkje blir tid til å tenke så mykje.

Noko kjent i alt det ukjente.

Foreldra kjem på besøk i romjula.

– Eg har bursdag på nyttårsaftan. Vi skal feire i Sidney.

- Må ha nok lyst

Det var Santi (Kenneth Santiago Holmgren på dåpsattesten) som tok kontakt med Alice. Han studerer elektronisk musikkproduksjon i Kristiansand, men held alltid eit halvt auge på det som foregår i heimbyen.

– Eg følger med. Alice held på å utvikle seg til noko som kan bli ein veldig bra artist, og eg tenkte det var på tide at vi gjorde noko i lag, seier Santi.

Han meiner Alice har det aller viktigaste ein up-and-coming artist kan ha.

– Ho har viljen. Skal ein komme dit ein vil, må ein ha nok lyst.

Dei har prøvd å finne fram til den musikalske identiteten hennar, ein stil som passar Alice. Og det synest dei begge at dei har klart. Dei er i gang med å spele inn fleire låtar, og målet er fullt album.

Vokalen  er spelt inn i bingen på ungdomsskulen, resten er produsert i Kristiansand.

Artikkeltags