Ten Sing - meir enn song

Florø Ten Sing leverte ein variert og tettspelt konsert på samfunnshuset laurdag.

Florø Ten Sing leverte ein variert og tettspelt konsert på samfunnshuset laurdag. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Laurdag hadde Florø Ten Sing ei variert framsyning på Flora samfunnshus, til inntekt for Redd Barna.

Tema: Barnekonvensjonen

Marion Guddal Hansen var den som køyrde det heile i gong, med songen «Regn fra blå himmel» mens ungdomane som låg rundt i salen reiste seg og gjekk stilt mot scena. Stemninga var sett - det var tydeleg at ungdommane ønskte å berøre sitt publikum.

Festsalen var rigga med lyd og lys og scena var strekt ut i salen. Det var lagt til rette for at dei 120 publikumarane skulle kome tett på framsyninga. Temaet var FNs barnekonvensjon. Ei 10 år gammal jente i ein av dei mange små dramatiserte snuttane bryt ut i sinne over foreldra sine planar om å flytte, og gjennom song, dans, drama og film formidla ungdomane i Florø Ten Sing eit viktig og aktuelt tema: Korleis ta vare på born og unge sine rettar for seg sjølv og for andre.

Varaordførar Jan Henrik Nygård, politiførstebetjent Kjell Magne Barsnes og sokneprest Knut Magne Nesse hadde blitt intervjua av mediagruppa og fekk uttale seg om sine synspunkt på barns rettar. Innslaga veksla knirkefritt og tok oss gjennom FNs barnekonvensjon.

Overraska på mange måtar

Musikalsk imponerte Florø Ten Sing med godt band og gode solistprestasjonar. Mellom anna fekk publikum oppleve eit trestemt kor av 14-18 åringar - viser, rock, pop og salmer kom som perler på ei snor - og mange let seg overraske:

- Ho hadde jo ikkje sagt noko ting og så sto ho her og song solo og dansa! Vi visste ikkje anna enn at ho skulle stå i koret, sa dei himmelfalne foreldra til Marion, Irene Guddal Hansen og Reidar Holm Hansen.

Men dottera deira var ikkje aleine om å ha mange roller. Her fekk alle utfalde seg og byte på å stå framfor publikum og formidle på ulike måtar. Når «Friendsgjengen» frå TV-serien kom på scena og koret fungerte som lattermaskin, humra det godt i salen.

- Gleda over å sjå kreativiteten, humoren, samhaldet, energien, og ikkje minst kvaliteten på den gode framføringa var det vi sat igjen med etter konserten. Det var eit flott spenn i sjanger og uttrykksformer, det var morosamt og tankevekkande, det var imponerande og ein musikalsk fryd! Vi må berre takke ungdommane for ein flott konsert, seier Erling Nydal, vaksenkontakt i koret.

Artikkeltags