Ei lyninnføring i barneoppdragelse

Publisert

25 år gamle Daniel Schwarz fekk kjenne på farsinstinktet då han var produsent for Gutten og glasskuppelen.

Kortfilmen handlar om ein 8-åring som ser mor si forsvinne til altzheimers.

Det er ein visuelt nydeleg film med imponerande casting. På rulleteksten står namn som Anne Ryg (kjent frå Gymnaslærer Pedersen) og Lars Reynert Olsen (han har hatt mange store teaterroller, men er truleg mest kjent for kvarmannsen i Hotel Cæsar).

Og ikkje minst, Thias Salberg frå Snekker Andersen og Julenissen, som speler den åtte år gamle hovudpersonen.

– Ei av dei viktigaste oppgåvene mine var å ete smågodt og spele iPad med Thias innimellom filminga, seier Daniel Schwarz frå Florø som er produsent for filmen.

Her kan du sjå trailer.

Å vere produsent betyr at han legg til rette for alt det praktiske, alt frå casting til catering. Og i dette tilfellet, at han fekk ei lyninnføring i barneoppseding.

– Når ungar slår seg vrange, så slår dei seg vrange. Då handlar det om å finne den rette motivasjonen. Eg oppdaga raskt kor viktig det er å vise respekt og anerkjenne at Thias er der for å gjere ein jobb. For mykje dulling er ei bjørneteneste, seier han.

Mauritz Solberg har regi på filmen. Samarbeidet mellom dei to stoggar ikkje her. Dei jobbar saman om både kommersielle og kunstnarlege prosjekt, og oppgåvefordelinga er flytande.

Daniel jobbar som regissør på mange av prosjekta.

– Mauritz har gjort masse som fotograf og er gått over til regi. Eg begynte som produsent og er gått over til regi derifrå. Vi utfyller kvarandre.

Slik det verkeleg ser ut når manus blir festa til film.

Slik det verkeleg ser ut når manus blir festa til film.

Ideen til filmen er personleg for dei begge.

Mauritz Solberg såg bestemor si forfalle av Alzheimers, Daniel ser bestemor til kjærasten forsvinne til same sjukdom. Frykta for sjukdommen er den største hindringa for å behalde forholdet til det mennesket ein kjenner så godt.

– Vi ønsker å formidle at ein framleis er eit fullt og komplekst menneske, sjølv om ein har ein diagnose.

Ungt alvor. Thas Salberg i rolla som den åtte år gamle hovudpersonen Jonas.

Ungt alvor. Thas Salberg i rolla som den åtte år gamle hovudpersonen Jonas.

Filmen fekk nyleg publikumsprisen i kategorien Cinematic Journey under ein filmfestival i Seattle.

– Det var veldig stas! Det betyr at vi har gjort noko rett. Filmen er ikkje hundre prosent sosialrealistisk. Den har element av magiske realisme. Det er symfonisk musikk og eit bortimot majestetisk totalbilde. Vi har prøvd å gå for noko storslått i ein tematikk som er meir ned på jorda, seier han.

Daniel har ikkje buddi Florø sidan han var 16 år.

– Eg var med å starte opp det første kullet Dans utan Grenser. Plutseleg var eg gutten som fekk ansvar, og det gjorde meg sjølvstendig. Konseptet med å bli lært for så å lære vekk, det er genialt.

Daniel var nyleg heime på besøk. Kvar gong han er innom Florø, så ser han ein film for sitt indre auge.

– Det er frå plassar i Norge – kanskje med unntak av Bergen – der stoltheita over å vere frå plassen står sterkare. Det er noko med den ånda som eg trur hadde vore spennande å fange på film, seier han.

Elles kan du treffe han på YouTube-kanalen Ledelsen.

Artikkeltags