Politinatta: Promillekontroll og påkøyrslar

Artikkelen er over 2 år gammel

I natt kunne politiet melde om promillekontrollar i Breim og Florø, samt to dyrepåkøyrslar.

DEL

BREIM/FLORØ: Av totalt 141 kontrollerte i promillekontroll i Breim og Florø, var det ingen utslag.  Det skriv Firda.

I Breim vart det derimot gitt to gebyr for å ikkje bruke bilbelte, samt eitt førelegg for mobilbruk, og eitt for overlast. Politiet forklarar at det var snakk om seks personar i ein bil som var registrert for fem.

ÅRDAL: I åttetida i dag tidleg vart ei kvinne i 20-åra mistenkt for å køyre i rusa tilstand. Det er teke blodprøver av kvinna, og førarkortet er beslaglagt.

Påkøyrslar

SVÆREN/DALE: Ei ku vart i natt påkøyrd i Sværen/Dale-området. Dette kunne politiet melde på sin twitter-konto klokka 00.20 i natt. Kua måtte avlivast etter hendinga, men sjåføren kom ifrå det utan skadar.

SKORANE/GAULAR: I same tidsrom kunne politiet også melde om ein hjortepåkøyrsel i Gaular-området. Viltnemnda vart varsla om ulykka.

Artikkeltags